Sommarfestival med klassisk musikk?

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 29.06.2018 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommarfestival med klassisk musikk?

Træna, Slottsfjell og Øya er vel og bra, men kva med oss som liker strykarklang, orgelbrus og fleirstemt korsong? Dei neste dagane kjem festivalar som Valdres sommersymfoni, Risør Kammermusikkfest og Fjord Classics i Sandefjord til å fylla Aust- og Sørlandet med Bach, Grieg, Mozart og andre.

Eirik Raude er festivalsjef på Risør kammermusikkfest. Foto: Maren Jørstad

Det er berre å skunda seg. Risør Kammermusikkfest, ein av dei største, byrjar tysdag kveld, og Framtida har forhøyrd seg med festivalsjef Eirik Raude om programmet og tilbodet for ungdommar.

– Dei under 30 år får RisørUNG festivalpass til 1000 kr, som gir tilgang til nesten alle konsertane under festivalen. Når det gjeld overnatting, finst det haugevis med Airbnb-stader til rimeleg leige, og ein kan òg bu på pensjonat eller campinghytte om ein ynskjer det, seier Raude.

Sørlandsidyll

Risør legg seg i dvale kvar vinter, men livnar til med full styrke om sommaren. Då kan du eta jordbær attmed hamna, du ser Risørflekken glitra nykalka og fin over Solsiden, og seglarane gjer seg klare til trebåtfestivalen i august. Då er Risør eit Mekka for festivalgjengarar.

– Du får skikkeleg sommarfestival-feeling, som eg trur vil høva godt for unge menneske, seier Raude usjenert.

Sjølv om det er kammermusikk dei driv med, blir det ikkje berre høgtidelege konsertar med musikk av steindaude komponistar. Dei siste åra, og særleg sidan Raude tok over i fjor, har dei sleppt til blues, techno og andre stilartar og konsertformar, som gjer festivalen rikare.

Det Norske Jentekor skal syngja fleire gonger i Risør denne veka. Foto: Nils Katla

Nye typar musikk

– Me har byrja å eksperimentera med nye typar musikk, og ein del av utøvarane våre har òg erfaring frå andre sjangrar. Om kvelden har me sett opp litt meir uformelle arrangement på såkalla klubbscener, der ein kan få kjøpt mat og drykk. Festivalprogrammet vårt er breiare enn ein skulle tru om ein klassisk musikkfestival, og me ser at fleire unge tek turen når me vågar å leika oss med tradisjonane, seier han.

– Kva ser du mest fram til?

– Høgdepunkta for meg blir når den store fiolinisten Christian Tetzlaff skal spela Bach, og når Det Norske Jentekor skal syngja eit verk med tekstar frå Anne Franks dagbok. Eg gler meg òg fælt til å høyra den tyske jazzpianisten Michael Wollny, som kjem rett frå Berlin, seier Raude.