Kripos bekymra over auken av nettovergrep

Kripos er bekymra over auken av overgrep på nett. I fjor var det registrert 1.195 slike overgrepssaker i Noreg, viser ein ny rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre ti personar stod bak dei over tusen sakene, som hadde 520 unike fornærma, skriv VG.

– Ein gjerningsperson kan nå ut til veldig mange. Ofte er det ikkje fornærma som melder slike saker, fordi mange av dei er barn. Politiet må spore opp gjerningspersonen, noko som krev store ressursar og kan gå på bekosting av andre saker. Det bekymrar oss, seier leiar for valdtektsseksjonen i Kripos, Ann Kristin Grosberghaugen, til avisa.

I saker som omhandlar valdtekt på nett er det ofte ukjente gjerningspersonar som tar kontakt med tilfeldige offer.

Talet på overfallsvaldtekter lågare enn nokon gong

I rapporten « Voldtektssituasjonen i Noreg 2017 » kjem det også fram at talet på politimelde fysiske valdtekter med fornærma under 14 år, auka med 11 prosent frå 2016 til 2017. I 45 prosent av sakene er det familierelasjon mellom den melde og barnet, og i 61 prosent av sakene vart far eller stefar meldt til politiet.

Rapporten viser også at festrelaterte valdtekter framleis er den største kategorien av politimelde valdtekter, og at talet på overfallsvaldtekter er lågare enn nokon gong.