Færre kvinner i AP i etterkant av #metoo

Kvinnelege veljarar har i langt større grad enn menn forlate Arbeiderpartiet i kjølvatnet av metoo, men Støre har tru på at kvinnene vil komme tilbake.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Langt over halvparten av veljarane til Ap har tradisjonelt vore kvinner. Bakgrunnstala frå meiningsmålingane som Sentio kvar månad utfører for Dagens Næringsliv, viser at kvinnedelen var 54 prosent ved inngangen til 2017 og 57 prosent i desember 2017.

Så sprakk Giske-saka. Kvinnedelen stupte til 47 prosent i januar 2018. Fem månader seinare er kjønnsfordelinga den same blant dei som seier dei ville stemt på Ap, skriv DN.

Oppslutninga om Ap var 24,1 prosent på snittet av målingane i mai, mot 26,2 prosent i desember 2017, ifølgje Poll of polls. Eit år tidlegare sa 36,1 prosent av dei spurde at dei ville stemt på Ap.

Støre trur partiet kan vinne kvinnene tilbake

Ap-leiar Jonas Gahr Støre svarar slik på spørsmål om handteringa til partiet av Giske-saka kan ha ført til eit større fråfall blant kvinnelege enn mannlege veljarar:

– Den uroa vi har, gjer det krevjande å trekkja til seg veljarar som er blitt i tvil. Anten det er av den eine eller andre årsaka.

Støre legg til at Ap har lang tradisjon med å føra an både i likestillingskamp og fridomskamp, og meiner partiet skal klara å vinna tilbake tapte kvinnelege veljarar.