– Det kan ha mange årsaker, men det har nok noko å gjere med at det er mange moglegheiter her i verda, seier Haavard Elstrand, landbruksdirektør i Hedmark til Nationen.
Han seier at det ikkje er like opplagt i dag at barn skal overta garden etter foreldra, men meiner det er gledeleg at så mange som 67 prosent vil anbefale dei å gjere det.
- Les også: Kortreist mat har eit klimaproblem
Dei mest optimistiske driv med mjølkeproduksjon

Rapporten frå Hedmark og Oppland viser at hovudproduksjonen på garden også har noko å seie for kor optimistiske bøndene er for framtida.
74 prosent av dei som driv med mjølkeproduksjon meiner det er sannsynleg at nokon i familien vil vidareføre drifta, medan dei som driv med planteproduksjon, inkludert poteter og grønsaker, er mindre optimistiske.
Der trur over halvparten at det er lite sannsynleg at etterkomarane vil overta.
- Les også: Ungdom krev plass i jordbruksoppgjeret