Ungdom krev plass i jordbruksoppgjeret

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag 12. mai møtte Natur og Ungdom, Spira, Latin-Amerikagruppene, Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom forhandlingsleiaren til staten i jordbruksforhandlingane, Leif Forsell, utanfor kontora til Landbruk- og Matdepartementet. Organisasjonane møtte opp for å krevja meir openheit og inkludering av unge i jordbruksoppgjøret:

– Det er mange unge som vil inn i jordbruket i dag, men politikken vert styrt av gamle gubbar. Ungdomsperspektivet manglar i jordbruksforhandlingane, seier Gaute Eiterjord, leiar av Natur og Ungdom.

Ønskjer debatt om kva slags matproduksjon me vil

– Debatten rundt jordbruksoppgjøret handlar det som regel om dei totale kostnadsrammene, og ikkje om kva me brukar midlane til fellesskapet på. Me meiner at det manglar ein ordentleg debatt om korleis pengane vert brukt og kva slags matproduksjon me vil ha i Noreg, legg Anna Karlsson, avtroppande leiar i Spire, til.

Som svar til kravet til organisasjonane om openheit, gav Leif Forsell ein goodie-bag med 13 offentlege rapportar på til saman 1232 sider som han overleverte til aksjonistane.

Til Forsell gav organisasjonane ein bukett av gras og løvetann. Det skulle symbolisera at ein må satsa på meir bruk av norsk gras, noko organisasjonane meiner er solidarisk.

LES OGSÅ: Desse kyrne lever med hol i magen

Natur og Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Spire og Latin-Amerika-gruppene aksjonerte utanfor Landbruksdepartementet. Foto: Elise Øksnes Fjordbakk, NU

– Å bruka norsk jord er solidarisk

– Det må verta meir lønsamt å bruka norske gras- og beiteressurser, slik me ikkje treng å importera kraftfôr frå utlandet. Å bruka norsk jord er solidarisk. Han tilhøyrer ikkje berre oss, men alle komande generasjonar, seier Elise Øksnes Fjordbakk frå Latin-Amerikagruppene.

Til slutt song dei oppmøtte aksjonistane «Nordmannen» av Ivar Aasen, for å minna forhandlingsleiaren om kor viktig det er med eit spreitt og mangfaldig jordbruk i heile Noreg.

– I Noreg er gardane og jordteigane spreidd mellom bakkar og berg. Difor treng me eit driftsvansketilskott for å få brukt jorda sjølv om han ligg spreitt og bratt til. Då tek vi òg vare på kulturlandskapet og naturmangfaldet, avsluttar Helga Hustveit i Sosialistisk Ungdom.

LES OGSÅ: Vil utkonkurrera kjøtindustrien innan få år