Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Usemja i innvandringspolitikken mellom Angela Merkels kristenkonservative CDU og det bayerske søsterpartiet CSU er stor. Sidan 2015 har dei to lege i open strid.

Saman med sosialdemokratiske SPD utgjer dei den tre månadar gamle tyske regjeringa.

Merkel har rett nok gått i meir restriktiv retning den siste tida. Som vanleg har politikken til kanslaren følgt folkemeininga. I 2015 var tyskarane jamt over liberalt innstilt: Ein ville visa fram sin globale identitet og at Tyskland hadde lært av historia.

Med tida endra bildet seg. Ein stadig mindre del av nykommarane var krigsflyktningar. Desto fleire var økonomiske migrantar. Høgrepopulistiske Alternative für Deutschland (AFD) fekk større tilslutning.

Snart val i Bayern

14. oktober er det val i delstaten Bayern. Her har CSU tradisjonelt fått reint fleirtal. Nå ligg partiet på rekordlåge 40 prosent oppslutnad. Heile 68 prosent av tyske veljarar er overtydd om at dette er grunnen til at CSU nå har gått i open konflikt med Merkel.

Partiet, med Horst Seehofer i spissen, krev at asylsøkarar som alt er registrert i eit anna EU-land, skal avvisast på grensa.

(Saka held fram under bildet)

Den tyske innanriksministeren Horst Seehofer i naturlege omgjevnader: Oktoberfest. Foto: lars20070/CC BY-NC-ND 2.0

Med retorikk inspirert av høgrepopulistane Salvini og Orbán i Italia og Ungarn, samt Kurz i nabolandet Austarrike, vil CSU vinna AFD-veljarane tilbake. Ved å vera like innvandringskritiske som høgrepopulistane vil eksistensgrunnlaget til AFD forsvinna, er tanken bak. Om det vil føra fram er heller tvilsamt.

Merkel vil på si side forhandla fram ei felleseuropeisk løysing i EU. Ho trur at CSU sitt krav vil føra til ein skummel dominoeffekt i Europa.

Viss planen feilar, vil prinsippet om intern rørslefridom i Schengen-sona svekkast. Ei løysing i tråd med humanitære prinsipp og internasjonale konvensjonar blir lite truleg.

Merkel er det beste håpet for ein liberal utveg.

Fleire mulege utfall

CSU-leiar Horst Seehofer er innanriksminister i regjeringa. Dermed kan han i teorien gjennomføra kravet sitt om avvising av visse asylsøkarar på grensa.

Skjer det, har Merkel to val:

1. Akseptera kravet og framstå heilt makteslaus.

2. Gi Seehofer fyken som minister. Då vil truleg CDU og CSU skilla lag for første gong sidan ei kort skilsmisse i 1976. Ved eit slikt scenario vil Dei Grøne kunne gå i regjering og fylla tomrommet.

CDU vil ha fram til august på seg til å stilla med eigne kandidatar til delstatsvalet i Bayern. Det er usannsynleg av to andre årsaker:

1. Det er neppe i CSUs interesse å gå ut av regjeringa. Truleg vil dei på eit eller anna tidspunkt trekka kravet. Spørsmålet er når og til kva pris.

2. Drastiske løysingar er heilt i strid med Merkel sin leiarstil. Men dersom CSU er ute etter å fella Merkel, kan det vera einaste utveg.

Merkel kan dessutan stilla kabinettspørsmål. Ifølgje ei meiningsmåling på nett, gjennomført av Die Zeit, vil 87 prosent av veljarane at Merkel skal gjera nettopp det. Av same årsaker som over, er også det usannsynleg.

Opposisjonspartiet FDP tar til orde for nyval dersom koalisjonen ryk.

Handlar om meir enn innvandring

Sjølv om konflikten framstår som ei rein usemje over innvandringspolitikk, tyder mykje på at det ligg meir bak fasaden.

CSU og deler av CDU er ueinige med Merkel på mange område. Det gjeld framtida for tysk konservatisme, leiarstilen hennar og korleis avgjersler blir tatt.

Konflikten er dessutan svært skadeleg for regjeringa. Dei siste meiningsmålingane frå RTL og n.tv syner at CDU/CSU ligg på rekordlåge 30 prosent oppslutnad. Sosialdemokratane får 16 prosent, berre eitt prosentpoeng meir enn AFD.

Heile 26 prosent av veljarane har ikkje bestemt seg, eller skal ikkje røysta.

Ikkje avskriv Merkel heilt enno

Måndag føremiddag ser konflikten ut til å ha fått ei mellombels løysing. Nå skal migrantar med eit formelt innreiseforbod kunne avvisast på grensa. Det er etter alt å døma inga varig løysing.

I 2017 søkte 198 000 om asyl i Tyskland. 42 000 av desse var tidlegare registrert i eit anna land. Berre 7000 av desse igjen blei sendt tilbake til mottakarlandet. Det er her det verkelege problemet ligg.

Nå skal Merkel få tid på seg. Heilt konkret to veker. Då er det nytt EU-toppmøte. Kjem ho ikkje fram til noko, vil Seehofer setta i verk planane sine.

Å finna ein utveg på så kort tid er svært ambisiøst. Ei rad europeiske statsleiarar er meir på linje med Seehofer enn den tyske kanslaren. Men ingen er betre på å komma fram til europeiske løysingar enn Merkel. Ein bør ikkje avskriva henne heilt enno.