– Norsk tronstrid var som Game of Thrones

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka «Hellig krig om Norges krone – Tronstrid, borgerkrig og korstog fra Sigurd Jorsalfare til kong Sverre» skildrar han korleis ei rekkje kongar kjempa om den norske trona på 1100-talet, og kvifor kampen vart så skrekkeleg og blodig.

– Dette er «Game of Thrones» i norsk historie. Ein kamp om troner! Berre snøzombiane manglar, spøker Norén Isaksen, før historikaralvoret tar han og han peikar på at ein annan forskjell er at den blodige kampen står innanfor ei slekt.

Sentralt i forteljinga om makt og ære, intrigar og alliansar, ære og fortaping, brødredrap og brotne eidar, helgenar og demonar, siger og undergang, står Magnus Erlingsson–Noregs første krona konge, far hans Erling Skakke, og morfaren Sigurd Jorsalfare–Noregs mest berømte korsfarar.

Frå grid til utrydding

Og det var nettopp korstoga som var med på å gjere borgarkrigane på 1100-talet så blodige.

Mens ein i den elles så berykta vikingtida gav grid, forsona seg med motparten og bygde nye alliansar, begynte ein i mellomalderen å utrydde motstandarane med gammaltestamentleg glød: Fiendane var vonde og måtte døy!

– Korstogstanken vart ein så stor suksess at ein overførte det til andre, meir heimlege område–og kampar, også mot andre kristne. I grunnen der det måtte passe, seier Trond Norén Isaksen, som hevdar at norske historikarar til no har underkommunisert betydinga av religion:

– For 850 år sidan vart det ført ein heilag krig på norsk jord.

Rett til paradis

Historikar og forfattar Trond Norén Isaksen har tatt tak i ein dramatisk og blodig del av vår fortid–som han kallar «norgeshistoriens Game of Thrones»–i si nye bok «Hellig krig om Norges krone». Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Det skjedde som følgje av suksessen det første korstoget til Jerusalem fekk i Europa. Korsfararane vart tatt imot som heltar då dei vende tilbake. Derifrå breidde tanken seg hit til nord, og Erling Skakke var ifølgje boka den som innførte den heilage krigen her til lands.

– Dei som fall på sonen si side mot opprørarane, vart lovd å komme «til paradis før blodet deira er kaldt på jorda», heitte det–nøyaktig det same som Paven hadde lovd korsfararane til Jerusalem, konstaterer forfattaren.

Derfor meinte den eine parten i den norske tronstriden å ha Gud på si side, mens den andre parten følgjeleg representerte dei mørke kreftene, sjølvaste djevelen–og systematisk måtte utryddast.

På tinget i Tønsberg 1163, midt under tronstriden, vedtok ein å dømme fienden til fanden, både levande og døde–noko sjølv Snorre i si sagaskriving kalla eit forferdeleg tiltak. Og det var også derfor at Erling Skakke, sjølv korsfarar, bestemte seg for å angripe i dagslys–utan hjelp frå dei mørke kreftene–under slaget på Re same år.

– Ikkje annleisland

Trond Norén Isaksen hevdar norske historikarar til no har sett lite på religion som forklaring og drivkraft, og heller prøvd å forklare hendingane ut frå ein materialistisk tankegang. Som at Sigurd Jorsalfares ferd til det heilage land var statsbesøk eller eit vikingtokt.

– Det må ha vore dårlege forretningar: Han reiste ut med 60 skip, mens eitt kom heim. Og «skattane» han vende tilbake med, var relikviar! Ei flis av Jesu kors!

Norén Isaksen seier verdsbildet i den tida er så fjernt frå vårt at vi ikkje heilt klarer å forstå det.

– Den gongen var det ikkje «tru», det var realitet og kvardag for folk flest. Korstoga var lufta dei pusta inn på 1100-talet, har ein dansk historikar uttalt. Sett litt på spissen har norske historikarar vore mest opptatt av Noreg og nordmenn, noko eg meiner er lite fruktbart: Noreg var ikkje eit isolert annleisland på denne tida. Korstoga og at vi fekk erkebispesete i Nidaros i 1153 bringa inn europeiske tankar.

Berøringspunkt til i dag

– Det er 850 år sidan heilag krig vart utkjempa i Noreg, skriv historikar og forfattar Trond Norén Isaksen i si nye bok om tronstriden på 1100-talet. Foto: Forlaget Historie & Kultur

Ønsket hans for boka «Hellig krig om Norges krone» er at den når ut til historieinteresserte – òg for å vise berøringspunkta til i dag, kanskje for å gi lærdom.

– Vi må innsjå at det har gått føre seg heilag krig i Noreg for 850 år sidan. Det har relevans for samfunnet i dag, der heilag krig på ny er blitt populært i visse miljø–i betyding sivilisasjonskonfliktar. Mykje av konflikten med IS har med korstoga å gjere, tenk på korleis IS kallar Vesten for korsfararar. Mens vi her i Noreg eigentleg ikkje har skjønt at korstoga har noko med oss å gjere, seier Norén Isaksen.

Boka sluttar i 1184, og kanskje blir det ein oppfølgjar–for den blodige tronstriden varer heilt fram til 1240.