Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire øyer som ikkje var øyer

Du trudde kanskje ei øy var ei øy? Tru om att. Fleire titals øyer har opp gjennom historia vist seg å ikkje vera nettopp øyer.

Ei øy. I dette tilfellet ekte. Foto: Sean MacEntee/CC BY 2.0

Fenomenet kallar ein «fantomøy» og omfemnar øyer ein tidlegare trudde eksisterte. Øyene var gjerne teikna inn på kart i fleire hundre år. Sidan blei dei fjerna då ein fann ut at øyene ikkje eksisterte likevel.

Normalt var årsaka at oppdagarar og sjøfolk meldte om nye øyer både her og der. Men ofte var ikkje sjøfolka heilt sikre på plasseringa si. Det førte til at mange øyer som alt var oppdaga, blei rapportert inn som nye øyer.

Andre grunnar var navigasjonsfeil og optiske illusjonar. Skjær, isfjell og tåkebankar kan ha blitt mistolka som øyer. Underjordiske vulkanutbrot kan skapa øyliknande substansar i havoverflaten.

Stundom er truleg også fantomøyene blitt teikna inn med vilje. Slik skulle ein få meir pengar til å dra på oppdagingsferd.

Øya Tile på Carta marina (1540) av Olaus Magnus. Foto: Wikipedia

Desse fire var ikkje øyer

1. Thule: Namnet finn ein heilt attende i gresk og romersk mytologi. Den ikkje-eksisterande øya skal ha lege omlag seks dagar nord for Stortbritannia, og blei skildra som ein stad med islagt hav, midnattsol og nordlys.

I seinare tid reknar ein med at det i røynda dreier seg om Smøla, Shetland, Færøyane, Island eller Saaremaa i Estland.

LES OGSÅ: Dei 20 artigaste kommunevåpena i Finland

Frisland nede til venstre på kartet. Foto: Wikipedia

2. Frisland (må ikkje forvekslast med Friesland): Denne «øya» er truleg fødd ut av forvirring mellom sørkysten av Grønland og ei oppdikta øy same stad. Det heile stammar frå «Zeno-kartet» av 1558. Kartet var mest sannsynleg basert på fiktive oppdagingsreiser nokre hundre år tidlegare, med det føremål å gjera Zeno-namnet kjent i verda.

Øya flytta seg over betydelege avstandar mellom Island og Grønland, heilt til ein til slutt fann ut at øya ikkje eksisterte.

Les meir om Frisland her!

Eit kart som viser det Ignatius L. Donnelly skildrar som Det atlantiske riket i «Atlantis: the Antediluvian World» frå 1882. Foto: Wikipedia

Ein sivilisasjon kan ha forsvunne i havet då den vulkanske øya Santorini gjekk i lufta kring 1600 år før Kristus. Foto: Nasa

3. Atlantis: Det mytiske landet Atlantis er kalla opp etter Atlas, landets første konge. Ifølge Platon skal øya ha blitt grunnlagt av Poseidon, og låg i nærleiken av Herkules’ klipper. Men til slutt skal øya ha forsvunne under havets overflate.

I nyare tid trur ein det kan ha vore snakk om Santorini, Malta, Tartessos, Irland, Helgoland, Bimini, Bolivi, eller Antarktis. Ein er med andre ord ikkje heilt sikker.

LES OGSÅ: Seks mikronasjonar som kan inspirera deg til å starta ditt eige land

Den grøne ringen på dette kartet til National Geographic Society frå 1921 viser kor dei trudde Schjetnans øy låg.

4. Schjetnans øy: Den norske kapteinen Ole Andreas Schjetnan oppdaga denne øya i det nordlege stillehavet vest for Hawaii i 1868. Schjetnan var på veg frå Australia til San Francisco. Sidan den gong har ei rad med ekspedisjonar utan hell prøvd å finna øya, sist TV-programmet «Tore på sporet» i 2000 og deretter nokre eksentriske nordmenn i 2006. Mange spekulerer i om øya er sokke under havoverflata.