Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein mikronasjon er ein slags prosjekt-stat som er starta av ein privatperson eller ei gruppe av privatpersonar, forklarer den svenske forfattaren Johan Joelsson.

Saman med fotograf Jonatan Jacobson har han dei siste åra besøkt eit utval slike gjer-det-sjølv-land og dokumentert dei i ei fersk bok med tittelen Mikronationer. På besøk i hemgjorda länder. Sist veke lanserte dei boka på den store bokmessa i Gøteborg.

Forfattar Johan Joelsson (til venstre) og fotograf Jonatan Jacobson presenterte boka Mikronationer på bokmessa i Gøteborg i september. Foto: Runar B. Mæland

Det finst fleire hundre mikronasjonar i verda, og medan dei dei fleste av dei er døgnfluger, har nokre eksistert i 50 år eller meir. Somme er grunnlagt som politiske utopiar, andre er økonomisk motiverte. Nokre er meint som humor, andre som kunst.

Felles for mikronasjonane er at dei utfordrar kravet nasjonalstaten gjer på å vera ei eksklusiv ramme for borgarane sin politiske identitet.

– Eg har bakgrunn i punk- og indie-rørsla, og det er noko opprørsk i dette kulturfenomenet som fascinerte meg veldig – i kombinasjon med ei interesse for obskur geografi, svarer Joelsson på spørsmål om kor interessa hans for mikronasjonar kjem frå.

Her kan du lesa om fem av mikronasjonane Joelsson og Jacobson presenterer i boka si – og éin til som dei ikkje har besøkt:

Sealand i Nordsjøen. Foto: Jonatan Jacobson

1. Sealand

På eit sjøfort frå 2. verdskrigen feirar fyrstedømet Sealand i år sitt 50-årsjubileum som nasjon. Sealand blei grunnlagt i 1967 av fiskaren og krigsveteranen Paddy Roy Bates, som til å byrja med okkuperte fortet for å driva piratradio utanfor kysten av England.

– Men så blei han lei av piratradio, og gjekk meir og meir opp i ideen om å utropa ein sjølvstendig stat, og laga flagg, valuta og nasjonalsong og utropte seg sjølv til prins, fortel fotograf Jonatan Jacobson.

Prins Roy døydde i 2012, og i dag er det sonen Michael Bates som regjerer på Sealand. Prins Michael personleg henta Joelson og Jacobson i gummibåt då dei skulle vitja det vesle fyrstedømet i Nordsjøen, der det alltid er minst éin person på plass for å forsvara riket. Kva er eigentleg motivasjonen til prinsen?

– Det er ikkje heilt lett å forstå, men det er nok ein slags stoltheit over å arva det her. Ein kan ikkje gi det opp når far har drive det så langt, då er det berre å halda fram. Dei har forsøkt å finna måtar å tena pengar på, men det er ikkje så lett. Det kostar mykje å vedlikehalda dette, fortel journalistane – som sjølve måtte betala ei monneleg «visum- og medieavgift» for å få vitja riket.

Susan Feaster, Seborgas USA-ambassadør, har stor tru på at mikronasjonen i Alpane kan bli ein turistmagnet. Foto: Jonatan Jacobson

2. Seborga

Alt etter korleis ein ser det er Seborga enten ein søvnig småby i dei liguriske alpane nord i Italia, eller eit sjølvstendig fyrstedøme med ei tusen år lang historie.

Seborgarane sporar historia si tilbake til eit slott som blei grunnlagt her i 974, og argumenterer for at fyrstedømet aldri eigentleg har blitt innlemma i den italienske staten.

– Då Italia blei sameina i 1861, gløymte ein å skriva inn Seborga i dei offisielle dokumenta over kva statar som skulle inngå i landet. Det har dei klamra seg fast til som ei slags indirekte anerkjenning, fortel Johan Joelsson.

Forfattaren forklarer at den moderne mikronasjonen blei starta i 1963 av Giorgio Carbone, «ein eksentrisk blomsterdyrkar» som fordjupa seg i Seborga si historie og ville tena pengar på turisme. Prins Giorgio døydde i 2009 og blei etterfølgt av Marcello Menegatta, «ein avdanka racerbåtførar som er veldig hesteinteressert og veldig rik». Sidan han blei vald til ny prins av dei 320 innbyggjarane har han spytta inn mykje pengar i Seborga, og med hjelp av investorar frå Midtausten har han planar eit nytt turisthotell.

Dronning Carolyn av Ladonia ved kunstverket Nimis. Foto: Jonatan Jacobson

3. Ladonia

Kunstnaren Lars Vilks er kanskje mest kjend utanfor Sverige for Muhammed-karikaturane han teikna i 2007. Det utan tvil største prosjektet hans er likevel Nimis, ein kjempeskulptur av drivved som han har arbeidd med sidan 1980. Nimis har vore kontroversiell fordi han er plassert i eit naturreservat, og i 1997 utropte Vilks like godt området rundt Nimis som ein eigen stat med namnet Ladonia.

– Han ville ta det eit steg vidare og involvera fleire folk i prosjektet, og då var dette landet ein måte å gjera det på, fortel Jacobson.

Det har kunstnaren lykkast med: Ladonia har i dag rundt 15.000 medborgarar verda over, og mange av dei smykkar seg med titlar som fyrverkeriminister og stilleminister. Landet har også ei dronning, Carolyn Shelby, som kjem frå Chicago og lærer seg svensk for å kunne fylla embetet best mogleg. Vilks sjølv har posten som statssekretær.

Namnet Ladonia kjem frå dragen Ladon i gresk mytologi, som også finst på riksvåpenet. Det ladonske flagget er ein grøn kross på grøn bakgrunn.

Steven Baugh poserer som ein ekte militærdiktator på presidentkontoret i Molossia. Foto: Jonatan Jacobson

4. Molossia

På ei stor tomt i eit øde villaområde i ørkenen lengst vest i Nevada, USA regjerer Steven Baugh som eineherskar i republikken Molossia. Der driv han og familien hans både tollstasjon, bankkontor og ein statleg hawaiiansk restaurant – mellom anna.

Baugh klekte ut ideen allereie som tenåring, men først i 1999 fann den pensjonerte sersjanten høve til å gjera Molossia verkeleg. For å gjera det enkelt og billig har Molossia «lånt» flagget til Sierra Leone og snudd det opp ned.

I tillegg til tomta i Nevada-ørkenen, gjer Molossia mellom anna krav på eit større landområde på Venus og ei havgrop i Stillehavet. Praktisk nok opererer Molossia med doble statsborgarskap, og når Baugh betalar skatt til USA, kallar han det utanlandsstøtte.

Så spørs det om Molossia kan overleva den eksentriske, tilårskomne diktatoren?

– Det er tvilsamt. Dotter hans kunne kanskje ha tatt over – ho er ein slags politiminister – men det er usikkert. For mange mikronasjonar er det eit problem er at det er eit «one man show», seier Johan Joelsson.

Kong Leo III slår ein elleoreborgar til ridder under Elleveka. Foto: Jonatan Jacobson

5. Elleore

Kvart år samlast over 100 menneske på ei lita øy i Roskildefjorden til den tradisjonsrike «Elleveka», der dei studerer den elliske historia og får helsa på kongen og dronninga av Elleore. «Nordens fjerde kongedøme» blei grunnlagt allereie i 1944, og er dermed ein av dei eldste mikronasjonane som framleis eksisterer.

– Det var ei gruppe lærarstudentar som jobba på ein progressiv skule i København, og dei leitte etter ein plass der dei kunne undervisa borna på ein kreativ og nyskapande måte. Så rodde dei omkring med robåt i Roskildefjorden til dei fann denne øya, kjøpte ho og utropte Elleore som sjølvstendig stat, fortel Joelsson.

Sidan den gongen har elevar, lærarar og familiar gitt landet ei mytisk forhistorie som byrjar med ei gruppe irske munkar som ror seg bort på 900-talet. Dei har også spesielle reglar for øystaten; mellom anna gjeld det totalforbod mot sardinar og boka Robinson Crusoe.

Robinson Crusoe gir eit falskt bilde av livet på ei øy, og sardinar skal symja i havet. Om ein bryt mot reglane, finst det ein bestemt fangestein ein må gå ut og stå på i ganske lang tid, fortel Jacobson.

Til skilnad frå til dømes Ladonia, der kven som helst kan søkja om å bli medborgar, er Elleore ein meir eksklusiv klubb. Borgarane blir først og fremst rekruttert frå ein privatskule i København, der alle elevane får tilbod om å dra til Elleveka i femte klasse.

President og grunnleggjar av Liberland, Vít Jedlička, under eit møte på Eldorado i Oslo i 2015. Foto: Liberalistene Norge / Flickr

6. Liberland

Eit nokså nytt tilskott i floraen av mikronasjonar, som Joelsson og Jacobson ikkje rekte å dokumentera i boka si, er Liberland.

Liberland oppstod i 2015, då den tsjekkiske aktivisten Vít Jedlička gjorde krav på eit sumpete ingenmannsland mellom Kroatia og Serbia og utropte seg sjølv til president i den nye staten. Liberland skal vera eit liberalistisk drøymeland utan skattar og lover som regulerer ytringar og eigedom.

– Me ønskjer å vera leiarane i fridomsrørsla. Me ønskjer å vera den beste staden folk kan bu. Og eg trur det er framtida: Frivillig samhandling mellom folk, og også frivillig samhandling mellom borgarane og staten. Det er vegen framover, og eg meiner me byggjer ein ny sivilisasjon, seier Vít Jedlička i eit intervju med Fox News.

Folk frå heile verda har meldt si interesse for å bli borgarar i den nye staten, men det krevst enno mykje arbeid og store investeringar før det blir mogleg å busetja seg i Liberland.