Kva del av Harry Potter-universet vil du helst sjå på ekte? Her er i alle fall ei brevugle.
Frode Grimelid

Dei fleste har høyrt om brevduer. Slik sett er det kanskje ikkje heilt utruleg at den samme jobben kan gjerast av ei brevugle, slik postsystemet i Harry Potter-universet fungerer.

I Russland har ein ornitolog lagt ut ein video av ugla Yoll, som er trent opp til å levere brev. Ho er veldig populær og har ein Youtube-kanal med mange sjåarar.

Ifølge teksten på Youtube-kontoen, som Nerdist.com har omsett frå russisk til engelsk, er Yoll både fødd og oppvaksen i fangenskap. Ho kan derfor ikkje klare seg i det fri.

I klippet nedanfor kan du sjå Yoll utføre jobben, sjølv om ho ikkje heilt har lyst til å gje frå seg brevet.

Oppdatert: fredag 18. mai 2018 14.10
ANNONSE