– Aukande fattigdom i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultata i Nav-rapporten «Fattigdom og levekår i Noreg» bekymrar, skriv Klassekampen.

– Det går ikkje rette vegen. Delen med låg inntekt aukar over tid, samtidig som vi ser at inntektsforskjellane aukar, og dei rike blir rikare, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav til avisa.

Rapporten viser særleg tre forhold som blir rekna som bekymringsfulle. Definert ut frå EUs fattigdomsgrense (dei som tener mindre enn 60 prosent av medianinntekta) har altså delen fattige i Noreg gått opp frå 7,7 prosent i 2011 til 9,3 prosent fire år seinare.

Heile 17,5 prosent av alle barn i Oslo bur i hushald som har vedvarande låg inntekt, og personar med innvandringsbakgrunn utgjer heile 43 prosent av alle fattige. Denne delen har auka jamt og trutt.

Det er særleg i aldersgruppa 18–34 år at rapporten viser at delen fattige aukar, frå rett under 10 prosent til over 14 prosent.

Rapporten viser også at realinntekta for dei fattige i praksis har stått stille i perioden 2012 til 2015, slik at gapet til både dei rikaste og resten av befolkninga har auka.

– Mangel på arbeid og låg inntekt, gir betydelege helseutfordringar. Om ein blir ekskludert frå arbeidsmarknaden, vil fleire bli avhengige av offentleg forsørging. Nasjonaløkonomisk er ikkje det heldig. Det påverkar liva til dei det gjeld, og det pregar barndommen til mange, seier Åsholt.