Ny undersøking: Nesten halvparten er villige til å kutte i sjukeløna

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

At såpass mange er villige til å kutte, trur Virke-direktør Vibeke Madsen er ein indikasjon på at verkelegheita har innhenta folk, at mange forstår at vi må slå ring om velferdsstaten, skriv Dagbladet, som har bestilt undersøkinga frå Ipsos MMI.

– Samtidig som mange ser behov for å endre sjukelønsordninga, ser det ikkje ut som om politikarane våger å ta debatten, seier ho.

Rundt ein av ti seier dei ikkje har noka meining om saka. Den einaste aldersgruppa der det er klart fleirtal for å kutte i ordninga som er i dag, er dei over 60. Elles er det ei svak overvekt i alle aldersgrupper for å behalde ordninga der arbeidsgivar dekkjer dei første 16 dagane, mens staten gir full refusjon etter det.

– Det er ein dårleg idé å ha ei offentleg sosialforsikringsordning utan eigendel, meiner Kjell Vaage, trygdeekspert og økonomiprofessor ved Universitetet i Bergen.

Han seier ordninga med full refusjon gir arbeidsgivarane få insentiv til å få ned fråværet. Professoren trur samtidig at nordmenn ikkje utan vidare vil gi frå seg retten til full løn ved sjukdom.

LO-sekretær Peggy Hessen Følsvik seier kutt i sjukeløna eller innføring av karensdagar ikkje er vegen å gå.