SSB: fleire gjennomfører vidaregåande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman fullførte 74,4 prosent av dei omkring 66.000 elevane på 2012-kullet si vidaregåande opplæring med oppnådd studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år. Det er ein auke på 1,4 prosentpoeng samanlikna med førre kull, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Delen elevar på dei studieførebuande programma som fullførte, auka frå 85,9 til 87,5 prosent frå 2011-kullet til 2012-kullet.

Fleire fullfører på yrkesfag

Blant dei som starta på yrkesfag vg1 i 2012 fullførte berre 60,3 prosent innan fem år. Det er ein auke på 0,9 prosentpoeng frå året før.

Ved innføringa av Kunnskapsløftet hausten 2006 og nokre år etter, låg delen elevar som gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse stabilt på om lag 70 prosent.

Fleire fullfører på lengre tid

SSB understrekar at gjennomføringsstatistikken ikkje viser det endelege omfanget på fråfallet i vidaregåande opplæring.

Tal for 2007-kullet viser at ti år etter er delen utan fullført vidaregåande opplæring med studie- eller yrkeskompetanse falle til 20,9 prosent. (©NPK)