Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fersk dom: Trump bryt grunnlova når han blokkerer folk på Twitter

Den amerikanske presidenten har i lang tid nytta Twitter som ei privat leikegrind. Trump skriv kva han vil og blokkerer kven han vil.

Presidenten har ei mildt sagt eksentrisk framferd på det sosiale mediet.

Det kan det nå bli slutt på, etter at ei gruppe blokkerte Twitter-brukarar gjekk til sak. Dersom Trump blokkerer nokon, kan vedkommande ikkje lenger sjå Trump sine Twitter-meldingar, og med det heller ikkje svara på dei.

Det er i strid med første grunnlovstillegg (First Amendment), konkluderte New York-dommar Naomi Buchwald onsdag.

Twitter-kontoen utgjer eit «offentleg forum»

Bakgrunnen er at dersom myndigheitene opprettar eit «offentleg forum», slik som ein park eller eit gatehjørne, må dette vera tilgjengeleg for alle – uavhengig av standpunkta deira.

Ein kan til dømes ikkje svartelista folk som tidlegare har kritisert ordføraren frå å demonstrera i parken.

Trump sin Twitter-konto og det interaktive rommet rundt kontoen utgjer også eit slik «offentleg forum», argumenterte Buchwald. Ho meiner vidare at Trump-administrasjonen har omtala Twitter-kontoen som ein måte å kommunisera direkte med folk.

Dersom dommen blir halde ved lag, kan det bli mange liknande saker for amerikanske domstolar framover. Eit sentralt tema blir i kor stor grad politikarar har høve til å moderera kommentarfelta sine.

Kor grensa går mellom sensur av meiningsmotstandarar og naudsynt moderering er ikkje alltid like klart.

Den amerikanske presidenten heldt fram med å tvitra fleire gonger i løpet av onsdagen. Det er uvisst om dette er ein kommentar frå Trump til dommen, eller noko anna presidenten ikkje er nøgd med: