611 born og 2.759 ungdomar offer for våpenvald i USA hittil i år

14 år gamle Annabelle Renee Pomeroy blei drepen og ein 2-åring skada under gårsdagens skyting i Texas.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2.759 ungdomar offer for våpenvald i USA i år

Hittil i år har 611 born og 2.759 ungdomar i USA mista livet eller vore skada som følgje av våpenvald. Offer i aldersgruppa 0 til 11 år er rekna som born, mens ungdomar er mellom 12 og 17 år gamle.

Dei siste registrerte offera var begge i kyrkja First Baptist Church i Sutherland Springs, Texas, då 26 år gamle Devin Kelley angreip med skytevåpen. 14 år gamle Annabelle Renee Pomeroy blei drepen, og ein 2-åring skada.

Gårsdagens angrep er nummer 307 i rekka av registrerte masseskytingar i USA i år. Det tilsvarer berre tre dagar hittil i år utan masseskyting.

Det viser statistikk frå nettstaden Gun Violence Archive, som hentar laupande informasjon frå media, politiet og offentlege og kommersielle kjelder. Dei har også interaktive kart som visar stader der born og ungdom har vore innblanda i skyteepisodar.

Kartet visar tilfeller med våpenvald der born mellom 0-11 år blei skada eller drepen. Foto: Gun Violence Archive

Kartet visar tilfeller med våpenvald der ungdom mellom 12-17 år blei skada eller drepen. Foto: Gun Violence Archive

FÅ OGSÅ MED DEG: Når terroren råkar – igjen og igjen