Har du blitt utsett for mykje høg lyd kan du få deg ei overrasking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bur du i nærleiken av ein flyplass, butikk eller fabrikk? Høyrer du for mykje på høg musikk? Langvarig eksponering for høgt desibelnivå kan gi store konsekvensar.
Støy-indusert høyrselstap er ein diagnose som gir mellombels nedsett høyrsel. Utan tidleg behandling kan diagnosen bli permanent.
Diagnosen utviklar seg gradvis, gir ikkje smerte, og kan ha blitt permanent før du er klar over det.
Støy-indusert høyrselstap er den einaste høyselssjukdommen som er fullt mogleg å unngå, men når høyrselen først er vekke går det heller ikkje an å få han tilbake igjen.
Blir ein utsett for støy over 75 desibel over tid vil det truleg gje skade.
Dette er farleg for høyrselen
Men kor høgt er eigentleg 75 desibel?
(Saka held fram under biletet)
Som biletet illustrerer: Raslande blader og vanlege samtalar treng du ikkje å bekymra deg for. Bytrafikk og ein travel restaurant ligg i grenseland mellom irriterande og skadeleg over tid.
Øvst på skalaen finn me støy frå motorsag og rocke-konsert. Desse kan ganske enkelt vera øydeleggande for høyrselen.
Tommelfingarregelen er: Når du må heva røysta for å bli høyrd, er støyen rundt deg høg nok til å gi høyrselstap, skriv nettstaden toneitdown.ca.
- Les også: Éin million høyrselshemma i 2020.
Slik reduserer du risikoen for høyrselstap
Vil du senka risikoen for å mista høyrselen i tidleg alder? Då finst det råd.
- Vit kva for eit støynivå som kan vera skadeleg. Hugs at alt over 85 desibel kan setta høyrselen din i fare ved langvarig eksponering.
- Bruk ørepluggar eller anna høyrselsvern dersom du har mykje støy på arbeidsplassen. Det er like viktig som hjelm og vernebriller.
- Ver på vakt. Merkar du spesielt høge lydar på arbeidsplassen som kan vera skadelege eller øydeleggande for høyrselen, gi beskjed til verneombod og andre tilsette.
Vil du sjekka alderen på høyrselen din? Då kan du gå inn her, og sjå kor mange hertz øyrene dine greier å høyra.
Gjer gjerne testen saman med andre, og sjekk kven som kjem best ut.