Éin million høyrselshemma i 2020

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2020 er dei éin million

Ikkje sidan 1997 er nordmenns hørsel blitt kartlagt. Da over 50.000 nordmenn vart undersøkte i helseundersøkinga i Nord-Trøndelag for 16 år sidan, kom det fram ikkje mindre enn 36 prosent av befolkninga enten hadde milde eller store høyrselstap.

LES OGSÅ: – Å ikkje høyre, kan vere ganske behageleg 

Eldrebølgja
Ettersom Statistisk sentralbyrå (SSB) reknar folketalet i landet til 5,5 millionar i 2020, skulle det vere rundt to millionar høyrselshemma nordmenn om berre nokre få år. Hørselshemmedes Landsforbund meiner likevel at dette talet er for høgt, ikkje minst fordi det også omfattar dei som berre har ei mild høyrselshemming. Forbundet trur uansett at så mange som éin av fem – rundt éin million nordmenn – har problem med høyrselen om sju år, skriv VG.

Grunnen til at så mange kjem til å slite med høyrselen, er først og fremst at eldrebefolkninga veks, men òg at støykjelder som mobil og musikk rett på øyret, tv og radio i bakgrunnen, opne kontorlandskap og trafikkstøy gjer sitt til at fleire får høyrselsskadar.

LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for døve! 

Må vente
– Dette siglar opp som den neste store helseutfordringa. Men høyrselsproblem er dessverre ikkje høgt nok prioritert hos styresmaktene, seier generalsekretær Anders Hegre i HLF til avisa.

Ifølgje eit oversyn VG presenterte torsdag, er det lange ventelister på å få hjelp hos ein høyrselsspesialist. I Drammen må pasientane vente 53 veker på å komme til ein audiograf, mens gjennomsnittet elles er på rundt 25 veker. For den som treng høyreapparat, er ventetida eitt år i Drammen og Harstad, mens snittet ligg på 23 veker.