Det gjorde stort inntrykk på 20-åringen å vitja heimlandet til faren for første gong.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg budde på ein liten hybel på Frogner i Oslo der eg såg ned på gourmetrestauranten Feinschmecker. Eg tenkte at ein gong når eg blir vaksen skal eg ha råd til å eta der, minnest Karoline Andaur.

43-åringen frå Haugesund er leiar i Verdas naturfond Norge (WWF Norge), ein organisasjon ho har jobba i sidan 2009.

Sandwich til kronprinsparet

Hausten 2001 var ho psykologistudent på Blindern og dietten gjekk for det meste i havregryn, pasta, ris og hermetiske grønsaker.

– Eg sparte pengar for å dra på backpacking og konsertar. (Eg har framleis ikkje ete på Feinschmecker), skriv Andaur i ein e-post til Framtida.no.

Ho minnest at dei hang mykje på puben U1 på samfunnsvitskapleg fakultet og Kilroy reisebyrå.

– I tillegg jobba eg på ein kafé i Akersgata der høgdepunktet var då kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon, som var nygifte, kjøpte kaffi og sandwich på ein søndag!

På nattoget på veg til Bangkok i Thailand. | Foto: Privat

11. september 2001

Berre to dagar før Karoline fylte 20 år køyrde to fly inn i World Trade Center i New York, ei hending som skaka heile verda.

– Eg hugsar heile lesesalen på biblioteket på Blindern vart heilt stille mens me alle samla oss rundt låne-pc-en for å sjå bileta. Og då eg kom heim til hybelen, følgde eg nyheitssendinga på radioen fordi eg ikkje hadde TV. Den hendinga prega jo nyheitsbiletet i lang tid, og det var då krigen mot terror byrja.

Bilete av terrorangrepa 11. september 2001. Foto: rds323/Public Domain Dedication (CC0)

Privat opplevde ho eit dødsfall, som prega ho.

– Rett før eg fylte 20 år mista eg bestefar min etter at den chilenske tanta mi nettopp hadde gått bort nokre månader før. Det var mine første «nære» som gjekk bort, og etter det tenkte eg mykje på alle slags katastrofar som kunne ramma dei eg var glad i.

Backpacking til fars oppvekst

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Det var mamma, men den viktigaste i kvardagen var nok Merete som eg vart kjent med då eg flytta til Oslo i 2000. Aldri før hadde eg kjent ei jente med same musikksmak som meg. Og før Merete hadde eg aldri tenkt på verken å studera psykologi eller at det var mogleg å skulka frå universitet i eit halvt år for å reisa!

På veg til fullmånefest på Koh Panghan – den same fullemånefesten som dei er på i «The White Lotus» i denne sesongen. | Foto: Privat

Dei to jentene reiste på backpacking gjennom Søraust-Asia, USA og Chile. Det vart eit minne for livet, og ein lærerik tur.

– Me reiste med tjukk Lonely Planet som var sjølve bibelen då me ikkje hadde mobil med internett! Men det aller største var nok at eg for første gong fekk besøkja familien min i Chile. Eg kjem aldri til å gløyma flyturen over Andesfjella og kor spent eg var. Å besøkja landet til pappa og sjå kvar han hadde vakse opp var på mange måtar ei skilsetjande oppleving, minnest Andaur.

20 år på Bollywood

20-årsdagen vart feira i Oslo med venninner.

– Me sjarmerte oss inn på Bollywood som me eigentleg ikkje var gamle nok til å komma inn på. Trikset var å henga i baren og finna dei gutane som ikkje likte å dansa for å få ein drink, for så å gå ned i kjellaren for å dansa, minnest ho.

Andaur brukte mykje tid på musikk, og var heller ikkje så verst på å koma seg inn på konsertar.

– Eg elska å vandra rundt i dei grøne lungene – altså nærnaturen i Oslo – og høyra på dei nye norske banda som spelte litt tung og deprimerande rock, som Madrugada, Ricochets og Midnight Choir. Men ikkje minst oppdaga eg konsertscena i Oslo, og mykje pengar vart brukte på Rockefeller etter at eg hadde sett Coldplay spela der då eg var 19 år. Men favoritten var SoWhat som låg i Grensen. Der greidde partnaren min «in crime» på den tida, Merete, å få oss inn på ei gjesteliste som gjorde at me kom gratis inn og slapp køen!

Her er Karoline Andaur klar for fest! Ho har diverre ikkje teke vare på solbrillene som plutseleg blei veldig populære igjen. | Foto: Privat

Forvirra og livsglad

Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring trur Andaur at ho ville tenkt: «Så herleg å ha så få bekymringar!»

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– At det var så mange moglegheiter! Eg var ganske sjølvstendig allereie, men å bu i Oslo åleine og oppleva mange ting for første gong – eg tenkte nok at dette var sjølve livet.

20 år gamal visste ho slett ikkje kva ho ville bli og var eigentleg ganske forvirra.

– Eg var heilt sikker på at eg skulle studera statsvitskap, men ramla litt tilfeldig inn på psykologi. Men å gå på universitet gjorde at eg skjønte at eg måtte meir ut i verda før eg bestemde meg, og tenkte nok at eg skulle jobba for ein humanitær organisasjon i Noreg eller i utlandet. Og via nokre omvegar så landa eg jo i WWF som er ein global miljøorganisasjon. Planen var å bli eitt år, men no har det vorte 16 år.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje skipp tannlegen for å spara pengar for å dra på konsert. Eg fekk ein veldig trøblete jeksel etter kvart som har kosta meg veldig mykje pengar.

På kaia heime i Haugesund på sommarferie. | Foto: Privat