Meir sal av alkoholfritt øl

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje E24 steig salet med 13 prosent frå første kvartal i fjor til første kvartal i 2018.

– Eg trur det handlar mykje om helse, og at utvalet av alkoholfritt har blitt større. Og kanskje tek det til å bli meir akseptert blant ungdom å drikka alkoholfritt også, seier direktør Petter Nome i Bryggeriforeningen til nettstaden.

Les også: Mindreårige fekk kjøpe alkohol på eitt av fire forsøk

Aukar i heile Vest-Europa

Foreininga hans opplyser at det alkoholfrie ølsalet har ein marknadsdel på 3,7 prosent. For fem år sidan var marknadsdelen 3,3 prosent.

Samtidig tyder tal frå det danske ølbryggjeriet Carlsberg på auka etterspurnad etter alkoholfritt øl i Vest-Europa som heilskap. Konsernet, som mellom anna eig norske Ringnes, opplyste i årsrapporten sin for 2017 at det alkoholfrie ølsalet deira steig med 15 prosent det året.