Biskop åtvarar mot gåvepress til konfirmasjonen

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets konfirmantar får i snitt 52.000 kroner på gåvebordet, ifølgje ei ny undersøking frå DNB. Fleire konfirmantar legg ut skrytebilde på nettet og viser kor mykje dei har fått i gåve, og mange spør ung.no om kva som er vanleg å få i konfirmasjonsgåve.

Mange foreldre må ta opp lån for å arrangera konfirmasjon, og fleire uroar seg over pengebruken.

– Når talet er så høgt, så vil det seia at nokon får 100.000, medan andre får under 10.000 kroner. Eg har lese historier om konfirmantar som skammar seg over at dei får mindre enn andre, og som lyg til vennene sine om kor mykje dei har fått, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug. Han synest det er trist.

Eksponerer sosiale forskjellar

Religionsforskar Marie von der Lippe ved Universitetet i Bergen har intervjua ungdommar om synet deira på religion. Fleire ungdommar seier dei ikkje tør å konfirmera seg, og ei jente ho snakka med valde å ikkje konfirmera seg fordi ho visste mora hadde dårleg råd.

– Det er ikkje bra når dei sosiale forskjellane blir veldig eksponert i samband med ei kristen høgtid, seier biskop Halvor Nordhaug.

Konfirmasjonen handlar om ungdom og forholdet deira til trua, medan gåvepresset viser ein materialisme som er langt frå den kristne bodskapen, påpeikar han.

LES OGSÅ: Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

– Opp til familiane

– Når det er konfirmasjon, er det fest og naturleg at foreldre og besteforeldre ønskjer å gi ei skikkeleg gåve. Det er heller ikkje så dumt å få starthjelp på vegen, så lenge ein ikkje bruker opp pengane med ein gong.

Biskopen seier at han rår alle tilsette i kyrkja til å snakka med foreldre om eit rimeleg og nøkternt nivå på pengegåvene.

– Det er det me i kyrkja kan gjera. Men det er familien sin fest, og det er dei som bestemmer.

KOMMENTAR: Konfirmasjon – ein beinhard konkurranse