Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Biskop Halvor Nordhaug var onsdag på Rossland skule for å svara på spørsmål frå nysgjerrige tenåringar.

Elevane i 9. og 10. klasse på Rossland skule hadde forberedt seg godt til å få biskop Halvor Nordhaug på besøk tysdag i samband med bispevisitasen i Meland.

Elevane hadde rundt 70 spørsmål til biskopen, som rakk å svara på om lag halvparten etter beste evne. Dei tok opp ei lang rekke tema frå gudstru til alkohol, sex før ekteskapet og homofili.

Første spørsmål ut handla om kva ein biskop gjer.

LES OGSÅ: Formanar til større samarbeid

– Eg er ein slags prestesjef for alle prestane. Det viktigaste ein biskop gjer er å reisa rundt og følgja med kyrkjelydane og inspirera i det vidare arbeidet, seier biskop Halvor Nordhaug.

­– Kva synest du om at kyrkja er skild frå staten?

– No er vi meir herre i eige hus, sjølv om vi ikkje er heilt skild frå staten enno. Eg tenkjer det er positivt. Vi lever i eit land der nokre er muslimar, nokre er humanetikarar, nokre er kristne og nokre trur ikkje på noko. Då er det eigentleg litt rart at staten skal ha ein eigen religion, seier Nordhaug.

Tende gnisten

På spørsmål om korleis han vart ein kristen sender han først spørsmålet over til prost Geir Sørebø.

– Når eg vaks opp trudde eg at Gud og Jesus var verkelege og har alltid trudd på Jesus, men då eg gjekk på vidaregåande skule så var det noen pene jenter som inviterte meg med på ulike møte og bibelgrupper. Då vart gnisten tend både for Jesus og jentene, seier Sørebø til stor latter frå elevane.

Også for biskopen har miljøet han hamna i hatt mykje å seia i oppveksten.

LES OGSÅ: Song for biskopen

Eg vart med i eit skulelag med både gutar og jenter som det var fint å henga med, som ein seier i dag. Eg trur det er viktig å finna eit kristent miljø der det er ålreit å vera, seier biskopen.

– Er du hundre prosent sikker på at Gud finns?

– Eg er ikkje hundre prosent sikker, eg trur ikkje det går an å vera det når det gjeld noko som er usynleg. Vi snakkar om tru og ikkje bevis. Mange vil seia at han lever og er med oss kvar einaste dag, men bevis har vi ikkje, ateistane har heller ikkje det, seier Nordhaug.

– Korleis kan dei bevisa at Gud ikkje finns? Det er mykje som tyder på at dei tek feil, men bevis har vi ikkje, seier biskopen.

­– Kva er ditt syn på homofili?

– I den alderen de er i no er det ikkje så unormalt å vera usikker på eiga legning. Det er viktig å gi seg sjølv tid, og i alle fall ikkje komma ut av skapet før ein har gått inn, seier biskopen.

LES OGSÅ: – Biskopen hadde plikt til å ta affære

– Dei som er homofile må sjølv få velja om dei vil bu med saman med kjærasten eller gifta seg. Eg er ikkje tilhengar av homofile ekteskap, eg meiner at eit ekteskap må vera mellom kvinne og mann. Men om homofile vil leva saman synest eg dei skal få gjera det, og eg er glad vi lever i eit land der dei får lov til det og det er forbode å trakassera homofile, seier Nordhaug.

– Meiner du at folk bør vera gifte før dei har sex?

– Eg tenker at alle som gifter seg har hatt sex, det er spørsmål om kva form for sex. Etter mitt første kyss som 14-åring har eg hatt fleire kjærestar, og vi rota litt, som det heiter, det gjer ein jo og det bør ein gjera. Men det å ligga saman er ein veldig sårbar ting, der ein kjem ekstremt nær kvarandre. Det eg tenker er at ein i alle fall ikkje skal ligga med nokon ein ikkje kjenner og ikkje er glad i. Mange debuterer i fylla, det er ein utruleg dårleg start. Sex og kjærleik høyrer saman, derfor meiner eg at samleie høyrer til i ekteskapet, der vi har lova kvarandre evig truskap, seier biskopen.

– Ta det roleg også her, det er lenge til de er vaksne, ikkje ta han heilt ut med ein gong, rådar han.

Les fleire saker om sex og samliv her!

Sander Nedreås var ein av dei sju elevane som las opp spørsmåla frå 9. og 10. klasse ved Rossland skule. Dei engasjerte elevane kom og med gode oppfølgingsspørsmål til biskopen. Foto: Morten Sæle

Les saka i Nordhordland!