Årets konfirmantar får 52.000 kroner i snitt på gåvebordet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år er det pengar som ofte er øvst på ønskelista til konfirmantane. I år kan konfirmantane venta seg 52.000 kroner i snitt på gåvebordet, viser fersk undersøking gjennomført av Ipsos for DNB.

Foreldre vil, ifølgje undersøkinga, gi 13.000 kronar i snitt. Men òg besteforeldre er svært generøse og gjev 7.500 kroner i snitt. For gjestene ligg gåvesummen på 900 kroner frå kvar, ifølgje undersøkinga.

For seks år sidan var det berre halvparten så mykje konfirmantane kunne forventa seg.

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl meiner det er opp til foreldra å letta presset rundt gåvehaugen. Foto: DNB

– Mange føler press

– Her er det snakk om store summar og me ser at beløpa som blir oppgitt i undersøkinga spriker mellom dei som gjev veldig mykje og dei som gjev litt mindre. Mange føler nok på eit press rundt gåvebeløp til konfirmanten, anten ein er forelder, besteforelder eller gjest, seier forbrukarøkonomi Silje Sandmæl i ei pressemelding.

Det er gjerne mykje fokus rundt summane konfirmanten blar opp og legg på gåvebordet. Då er det fort gjort å gi det ein føler er forventa, trur ho.

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse pengefesten

Bør snakka om langsiktige sparemål

Sandmæl meiner det er opp til foreldra å letta på presset rundt gåvehaugen.

Ho meiner konfirmantane og foreldra bør snakka om langsiktige sparemål, som bustad, studiar eller feriar.

– På den måten unngår konfirmanten å bruka opp alle pengane på kortsiktig moro, seier Sandmæl.

Dette ligg på gåvebordet til konfirmanten:

  • Foreldre: 13.000 kroner i snitt.
  • Besteforeldre: 7.500 kroner i snitt.
  • Gjester: 900 kroner i snitt kvar.
  • Inviterte som ikkje kan koma: 400 kroner i snitt.

I snitt skal årets konfirmantar ha 30 gjester på den store dagen.

Kjelde: Ipsos/DNB