Folkehelseminister siktar seg inn mot barn og unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten «Helsetilstanden i Noreg» beskriv status og utvikling for helsetilstanden i befolkninga og vart overlevert eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) av Folkehelseinstituttets direktør Camilla Stoltenberg tysdag.

Fedme og diabetes

– På veldig mange område gjer vi det bra i Noreg, men så har vi nokre hol. Eit eksempel er auken i fedme og diabetes og utfordringa med inaktivitet. Analysane og informasjonen i rapporten skal danne kunnskapsbasis for folkehelsemeldinga vi kjem med i 2019. Vi må gå inn i analysane for å sjå kvar vi skal sette inn støyten, seier Michaelsen til NTB.

Ho vil ikkje seie noko om kva slags konkrete grep ho ser for seg.

Tidleg innsats for barn og unge

– Vi skal ta inn over oss utfordringane som har komme fram i rapporten, vere opne for å tenkje nytt. Men eg meiner barn og unge – tidleg innsats – er heilt sentralt. Det handlar om å gi dei ein riktig start, gode vanar og førebyggje sjukdom. Vi må sjå til arenaer der barn og unge blir forma, seier ho.

Rapporten slår blant anna fast at det trengst betre og fleire data for å følgje utviklinga i fysisk aktivitet blant barn og utviklinga i ulike sosiale grupper.