Han er avhengig av ungdom for å få parken til å gå rundt
Lars Instanes i Mikkelparken kjem med gode råd til ungdom som vil ha sommarjobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lars Instanes er marknadsansvarleg i Mikkelparken. Det er ein familiepark i Kinsarvik, om lag 2,5 timars køyring frå Bergen. I år har han omlag 60 ungdommar i arbeid i løpet av sommaren. Det er ganske mange i ein kommune med litt over 3000 innbyggjarar. I Kinsarvik bur det berre omlag 500 menneske.
Lars er ein del av ei verksemd som er heilt avhengige av 60 motiverte ungdommar kvar sommar. Den vetle bygda Kinsarvik rommar fleire tusen ivrige barnefamiliar kvart år.
Mange ungdommar kjem attende med gode arbeidshender år etter år, for kunne innfri ynskjene til barn. Verksemda veit kva dei ser etter i søknadsbunken.
Ungdom som passar inn i vår visjon og våre verdiar
– Mikkelparken sin visjon er å skapa gode barndomsminne. Me ser etter medarbeidarar som passar inn i vår visjon og våre verdiar, seier Lars Instanes.
Han fortel at dei har tre verdiar, som støttar opp under visjonen deira. Desse er sikkerheit, samarbeid og trivsel. Den viktigaste verdien er fyrst, medan dei andre støttar opp om kvarandre.
– Dette er noko som er viktig at ungdommane forstår, og er med på å forma. Dette er noko som me arbeider med kvar dag, og som me set høgt i fokus, fortel den travle mannen vidare.
- Les også: Verdas beste og våtaste sommarjobb?
Gode råd til ungdom som vil ha sommarjobb
Han har nokon råd å koma med til ungdom som ynskjer å tene pengar på sommaren:
– Om ein skal gje noko råd til ungdommar når det gjeld å søkja arbeid, så synest me det er kjekt om nokon kjem personleg og snakkar med oss. Gjerne ha søknader som skil seg ut, seier Instanes.
Team Mikkelparken set pris på den jobben ungdommane gjer.
– Me er svært heldige som har så mange flinke og kjekke ungdommar, som er med i Team Mikkelparken. Dei fleste er med i mange år, og såleis ser me at me endrar oss til det betre. Det får me berre til om me arbeidar saman, som eit team, og hjelper kvarandre med idear og forbetringar. Samstundes skal me ha det kjekt, understrekar Instanes.