Fleire fullfører vidaregåande på nett
Nettskulane utvidar kurstilbodet for vidaregåande. Det gjer at fleire unge vel nettstudium, skriv SSB.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
2591 elevar fullførte vidaregåande opplæring via nettstudium skuleåret 2016-2017. Det er 780 fleire enn året før.
- LES OGSÅ: Ti tips for ein super studiestart
Auken i studentar som gjennomførte nettstudium på vidaregåande nivå utgjer så godt som heile auken for alle nivå, medan fagskuleutdanning, og universitets- og høgskuleutdanning står på staden kvil.
Ifølge SSB speglar auken eit større tilbod av kurs innanfor vidaregåande oppløring på nettskulane. Dette er også grunnen til at det har blitt fleire deltakrar under 30 år.
Enkelte av kursa som blir tilbydd ved universitet og høgskular er ikkje med i statistikken.
- LES OGSÅ: UiB med nytt klima-nettkurs