KrF vil kutte avgiftsfri netthandel
KrF ønsker å avskaffe avgiftsfordelen for utanlandshandel og seier dei kan komme til å bruke dette som pressmiddel i statsbudsjettforhandlingane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringspartia treng KrFs støtte for å sikre fleirtal for sitt reviderte statsbudsjett i mai.
– Det er varsla trongare tider, det blir ikkje lettare å få budsjettet til å gå opp. Dette kan vere eit bidrag, seier KrFs finanspolitiske talsmann Kjell Ingolf Ropstad til Dagens Næringsliv.
Undergrev lokale butikkar
Regjeringa sørgde i 2014 for at den norske grensa for avgiftsfri netthandel auka frå 200 til 350 kroner, noko KrF var med på å få gjennom. Men ifølgje avisa meiner Ropstad no at ordninga har negative følgjer for norsk netthandel og næringsliv, og han synest det er paradoksalt at Noreg går motsett veg av utviklinga i EU.
– Der er utviklinga full moms på handel med land utanfor, og etter kvart også mellom EU-landa, seier Ropstad.
Får støtte
Han og KrF blir lovd støtte av opposisjonen. Dermed kjem dei stadig nærmare ei avgjerd om å fjerne fribeløpet. Eit kompromiss om eit lågare beløp enn frigrensa i dag kan også bli ei moglegheit.
– Vi var mot fribeløpet på 350 kroner i vårt alternative statsbudsjett for 2018, og er det framleis, seier Arbeidarpartiets finanspolitikar Rigmor Aasrud til DN. (©NPK)