Teaterførestillinga «Utafor» har hausta gode kritikkar frå ei samla presse.
Beate Haugtrø

Helgas urpremiere på teaterframsyninga Utafor har fått strålande kritikkar. Svein Tindberg har jobba i fleire år for å fortelje dei nære, rystande og enkle og modige historiane om utanforskap. No er han aktuell med førestillinga «Utafor», der fire unge menneske fortel om sine eigne personlege opplevingar rundt temaet.

«Innertier om utenforskap», «Sterke stemmer mot terror», og «genuint ærlig, visuelt storslått og tvers igjennom gripende teater», melder Dagbladet, VG og Aftenposten etter helga si framsyning.

«Snakkar til hjerte og hjerne»

«Forestillingen berører, den snakker til hjerte og hjerne med fortellinger som både griper, overrasker og som krydres med en del ironiske – og selvironiske – spark. Dessuten er det lærerikt», skriv VG i si teatermelding.

Teaterstykket er eit samarbeid med organisasjonen «Just Unity», som jobbar for å førebygge radikalisering blant unge.

 

Oppdatert: måndag 16. april 2018 15.02
ANNONSE