– Vestlendingar og vêr høyrer saman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Akkurat no går eg gjennom eit lynkurs i meteorologi, fortel Kristina Kvistad Hustad.

Dei siste åra har ho jobba som direktereporter, vaktsjef og researcher i mellom anna God Morgen Norge, God Sommer Norge og God Kveld Norge på TV2. Ein jobb ho stortrivst i. Så kom det plutseleg eit nytt tilbod «dalande frå himmelen», som dei truleg ville ha sagt det i meteorologi-verda.

– Eg har spøkt litt med Eli Kari Gjengedal frå Storm Weather Center om å vere vêranker. Vi har møtt kvarandre gjennom jobben i TV2. Men å gå frå spøk til å faktisk få eit reelt jobbtilbod, det kom overraskande. Men det var eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, seier ho.

LES OGSÅ: Mykje meir ekstremt vêr i vente

Audition
Frå før er det kjent at Desta Marie Beeder, som har vore fast vêranker for Storm sidan 2011, sa opp jobben sin i september. Dermed dukka sjansen opp for Kristina Kvistad Hustad.

– Eg vart beden om å kome på audition, og møtte opp. Ting skjedde veldig fort, og jobben vart min. Eg har halde det hemmeleg nokre månader, og det har vore alt anna enn enkelt. Eg bur i Oslo, men flyttar no jobbstad til Bergen. Å reise dit fleire gongar, utan å kunne fortelje nokon om kvar eg skulle eller kva eg skulle, det var ikkje så lett. Så det skal verte godt å kunne seinke skuldrene litt og byrje å kommunisere skikkeleg med omverda igjen. Det er dessutan eit kjempekompliment å få tilbod om fast jobb, i ei tid der TV2 er under hardt press.

Å vere vêranker er ei ny og krevjande utfordring. Det er heilt annleis enn noko av det Hustad har gjort tidlegare.

– No er eg midt inne i ei opplæringsperiode. Eg sluker alt eg kan om meteorologi, og får også undervisning og kurs ved Storm. Det handlar også om teknikkar for å formidle vêret. Eg har vore på TV før, men dette vert noko heilt anna. Her vert alt filma ved hjelp av bluescreen. Eg står altså og peikar ut i lause lufta, utan å sjå det kartet som TV-sjåarane ser. Det kjennest veldig ulogisk, men det er også utruleg spennande og lærerikt.

Eli Kari Gjengedal er full av lovord om sin nye kollega i Storm.

– Kristina har mange kvalitetar som gjer at ho er rette person for denne jobben. Ho har eit vinnande vesen og når ut til sjåarane. Ho er flink til å formidle. Ho har rett og slett x-faktoren som trengst. I tillegg har ho journalistbakgrunn, som er viktig for måten vi tenkjer vêrformidling på. Det skal ikkje vere ei oppramsing av vêret, men meir som ei forteljing. Der har ho rette erfaringa. Dessutan er ho steikflink teknisk. Ho forstår IT-språket. I tillegg har ho eit godt hjarte. Ho er eit usedvanleg snilt menneske. Det er også noko som er viktig når vi får ein ny person i staben, er dei gode orda frå Gjengedal.

LES OGSÅ: Slik er det å jakta kjærleik på tv

Vestlending
Kristina Kvistad Hustad har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda, og lite erfaring med meteorologi, anna enn den praktiske erfaringa ein kvar vestlending har med seg i bagasjen.

– Det var ein austlending som spurde meg om det ikkje ville verte ein stor overgang å gå frå å vere journalist, der alt skjer, til å «berre skulle melde vêret». Men det er berre austlendingar som tenkjer slik, som har det same vêret stort sett heile tida. Eg veit at vêr er så mykje meir. Vêr er spennande. Vêr påverkar kvardagen til folk, og vestlendingar og vêr høyrer saman. No vil eg vite mest mogleg om meteorologi før eg debuterer på skjermen i desember. Og eg har verdas beste lærar i Eli Kari Gjengedal. Ho er gull!