22. juli-aktor vil bli nytt barneombod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant søkjarane er det 48 kvinner og 19 menn. Ein av søkjarane er den 47 år gamle tingrettsdommaren Bejer Engh, som saman med Svein Holden var aktor i straffesaka mot Anders Behring Breivik våren 2012, skriv Aftenposten.

Engh hadde vore statsadvokat i tolv år då ho i 2014 begynte som dommar i Oslo tingrett.

På søkjarlista er også tidlegare generalsekretær i Norges idrettsforbund, Inge Andersen (53). Andre søkjarar er det første mobbeombodet i Noreg, Bodil J. Houg (47) og mannen til utanriksminister Ine Eriksen Søreide, Øystein Eriksen Søreide. Han var tidlegare byråd for helse og sosiale tenester i Oslo kommune, men har vore bydelsdirektør i Grorud sidan 2016.

Lindboe går av etter seks år

Søkjarlista omfattar ei rekkje personar som i dag i større eller mindre grad har barn og unge som fagfelt, men også personar som ikkje har det, mellom anna inneheld lista ein reineigar og ein butikksjef.

Barneombodet er både eit kontor og ein person. Noverande barneombod, Anne Lindboe, blei vald til stillinga i 2012 og går av i år etter seks år i jobben.