Rapport: Seksuelle krenkingar blant ungdom er heilt vanleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten er basert på samtalar med 200 ungdommar rundt i heile Noreg om seksuelle krenkingar, skriv Dagbladet.

– Det har vore nedslåande og urovekkjande å høyre om kva ungdom opplever, seier barneombod Anne Lindboe til avisa.

Ho meiner sosiale medium har opna ei heilt ny verd, som ungdommane ikkje har god nok digital kompetanse til.

– Derfor møter dei utfordringar med seksuell trakassering, seier Lindboe, og understrekar at seksuelle krenkingar blant ungdom må takast meir på alvor.

Treng betre undervisning om grensesetting

Barneombodet seier det ikkje berre er vanskeleg for ungdommane som blir utsette for det, men også dei som gjer det.

– Vi har sett i samtalar med ungdommar at mange har vore involverte i spreiing av nakenbilde eller liknande, utan at dei visste nok om kva som er greitt og kva som ikkje er greitt, seier Lindboe.

Felles for ungdommane som vart intervjua til rapporten er ifølgje henne at ungdommane vil lære meir om temaet.

– Det vil seie at vi treng betre undervisning om grensesetting, seksuell trakassering og kva som er rett og gale, og generelt korleis ferdast i det digitale rom, seier Lindboe.