Barneombodet bekymra for spesialundervisninga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår alarm om spesialundervisning

– Vår rapport avdekkjer store brot på retten barn har til undervisning. Mykje av denne undervisninga er så dårleg at vi er bekymra for korleis barna vil klare seg, seier barneombod Anne Lindboe.

Lindboe overleverte rapporten «Uten mål og mening» til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på Høgskolen i Oslo og Akershus måndag formiddag.

Ulike behov
I rapporten heiter det at skular plasserer elevar med svært ulike behov i same grupper. Dermed klarer ikkje lærarar å leggje til rette for alle, og barna får heller ikkje den spesialundervisninga dei treng, ifølgje Barneombodet.

I tillegg opplever foreldre ifølgje rapporten at medhald i ei klagesak ikkje nødvendigvis fører til praktiske endringar for elevane.

– Sjølv i dei sakene der foreldre og elevar får medhald i at deira rettar er brotne, finst ingen verkemiddel som garanterer retten og sørgjer for at eleven får det tilbodet eleven har krav på, seier Lindboe.

LES OGSÅ: Jenter blir gløymt i spesialundervisninga

– Lokale forskjellar
Enkelte elevar med spesialundervisning fortel i rapporten om mobbing og krenkingar frå lærarar og medelevar. Det heiter også at elevar som får spesialundervisning, får opplæring av ufaglærte eller lærarar utan kompetanse i faget dei underviser i. Dette slo Barneombodet alarm om i fjor. 

Ifølgje rapporten er det også store lokale forskjellar i kompetansen til Pedagogisk-psykologisk teneste, som skal hjelpe skulen med å legge opplæringa til rette for elevar med særlege behov.

– Det trengst lovendringar, kompetanseløft og pengar, meiner Lindboe.

Rundt 49.000 barn
– Vi er bekymra for det vi har sett av brot på FNs barnekonvensjon og opplæringslova gjennom dette prosjektet, heiter det i rapporten.

Rapporten baserer seg på intervju med elevar og foreldre, gjennomgåing av klagesaker, samtalar med organisasjonar og gjennomgåing av forsking på feltet.

Om lag 49.000 barn har i dag spesialundervisning i norsk skule.

LES OGSÅ: Færre elevar får spesialundervisning