Snøapen badar for å redusere stress

Japanske snøapar (makakar) av hokjønn brukar varme kjelder for å redusere stress og andre plager frå det kalde vêret.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VIDEO: Snøapen badar for å redusere stress

I fleire tiår har snøapar tatt jamnlege bad i dei varme kjeldene ved Jigokudani i Japan. Dei gjer det så ofte at turistar har begynt å reise dit for å observere snøapane bade.

For første gong er det forska på kva fordelar badinga har. Eitt av funna er at apane slett ikkje let seg stresse av dei kring 500 turistane som årleg kjem for å glo.

https://vimeo.com/263332764

SPA: Apane masserer kvarandre og plukkar pelsen rein og fin. Video: Shunya Fukugasako

Badinga reduserer nivået av stresshormon i kroppen, samtidig som apane brukar mindre energi på å halde seg varme. Dei dominerande ho-apane har førsteretten på å halde seg i varmen, men har også meir stress å bli kvitt, fordi dei oftare hamnar i konflikt.

– Dette tyder på at varme kjelder reduserer stress hos apane, slik dei gjer for menneske, seier Rafaela Takeshita ved Kyoto University i Japan i ei pressemelding hos springer.com.

Lever i ekstrem kulde

Japanske makakar er den ikkje-menneskelege primaten (pattedyrorden som femner om halvapar, apar og menneske) som bur lengst nord. Dei har lært seg å leve med ekstremt kalde vintrar. Dei er også den einaste apearten vi veit om som tar varme bad. Oppførselen vart først observert i 1963.

VARME KJELDER: Snøapar som badar i dei varme kjeldene i Jigokudani Monkey Park, Nagano. Foto: Toshio Hagiwara

Ein snøfull dag fann ei ung ape vegen til det varme utandørsbassenget ved eit hotell i området. Andre følgte raskt etter og kopierte oppførselen. Hotellet såg seg nøydd til å stenge for apane av hygieneårsaker. Seinare bygde Jigokudani apepark eit eksklusiv bad, og innan 2003 bada ein tredel av alle ho-apane der jamnleg kvar vinter.

– Denne unike vanen viser kor fleksibel oppførselen kan vere for å handtere det kalde klimaet. Vanen har truleg effekt på både reproduksjon og overleving, seier Takeshita.

Følgde tolv apar eitt år

At apane badar meir om vinteren for å halde seg varme verkar naturleg, men det har ikkje funnest data som beviser det. I studien følgte Takeshita og kollegaane tolv ho-apar gjennom fødselssesongen frå april til juni og i parringssesongen frå oktober til desember.

Dei såg på kor lenge apane var i dei varme kjeldene, og kven som bada mest. Dei samla også avføring i periodar med ekstrem kulde og analyserte nivet av eitt hormon som som seier noko om korleis kroppen handterer varmekontroll.

KALDT: Snøapar som badar i dei varme kjeldene i Jigokudani Monkey Park, Nagano. Foto: Toshio Hagiwara