Vil saksøke Shell for klimaendringar
Miljøorganisasjonen Friends of the Earth Nederland hevdar at Shell er ein av verdas ti største klimaverstingar, og truar med søksmål. Natur og Ungdom ser parallellen til deira eige klimasøksmål mot staten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Friends of the Earth Nederland truar med at dei vil ta Shell til retten om dei ikkje går til handling for å gjere slutt på å øydelegge klimaet.
– Shell er ein av verdas ti største klimaforureinarar. I over 30 år har dei visst at dei forårsakar klimaendringar, men likevel har dei produsert fossile brensel og investert milliardar i å leite etter ny olje og gass, seier Donald Pols, leiar i Friends of the Earth Nederland.
I eit brev sendt til Shell, har dei blant anna sett krav til at bedrifta tilpassar seg klimakrava frå Parisavtala, og at dei fasar ut produksjonen av gass og olje og reduserar til nullutslepp innan 2050. Søksmålet blir formelt sendt i neste veke.
Klimasøksmål i Norge
I ei liknande sak har Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkt den norske staten for brot på miljøparagrafen i grunnlova. Miljøorganisasjonane meiner at tildelinga av nye oljefelt i Barentshavet bryt med retten til eit sunt miljø. Dei tapte rettsaka mot staten, noko retten blant anna begrunna med at utslepp frå norsk olje i utlandet ikkje skal reknast med i Norges klimareknskap. Natur og Ungdom ser parallellar til det som skjer i Nederland.
– Verda over tar sivilbefolkninga i bruk rettssystemet for å kreve klimahandling. Både Shell og den norske staten har tent seg rike på å forureine kloden lenge nok, seier Andreas Randøy, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Oljesøl i Nigeria
Norske elevar ved vidaregåande skoler lærte i fjor om miljøproblema rundt Shell si verksemd i Nigeria, etter at Operasjon Dagsverk bidrog til opprydding av oljesølet i Nigerdeltaet. Natur og Ungdom fryktar at klimaendringane vil få særlege konsekvensar for dei fattigaste landa.
– Forskinga er tydeleg på at dei svake i samfunnet vil bli ramma hardast av klimaendringane. Landa og menneska som har vanskelegare for å tilpasse seg vil få det enda vanskelegare, trass i at det er dei rike landa og selskapa som har skyld i klimaendringane. Difor er det nødvendig å bruke domstolen, seier Randøy.
Rette vedkommande i Shell var ikkje tilgjengeleg for kommentar då framtida.no tok kontakt.
- Les også: Natur og Ungdom ankar klimasøksmålet