OECD: Noreg må gjere meir for å hindre ungdomsfråfall

To av tre unge som verken er i jobb eller skule, gjer ingenting for å komme seg ut av utanforskapet. OECD meiner styresmaktene må gjere meir for å hjelpe.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har ein først falle ut, lèt det til å vere vanskelegare å komme inn igjen i Noreg enn i andre OECD-land, viser rapporten som vart overlevert arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) torsdag.

86.000 norske ungdommar i alderen 15–29 år var ikkje i utdanning, arbeid eller opplæring i dei ferskaste tala, som er frå 2016. Det vil seie at éin av ti unge fell utanfor.

Føreslår fleire tiltak

OECD er bekymra for at delen har auka med 2 prosentpoeng sidan 2008 og meiner at norske styresmakter bør sjå på fleire tiltak:

* Tettare samarbeid mellom yrkesfagleg opplæring og arbeidsmarknaden. Kombinere utdanning og læreplassar frå dag éin.

* Fleire alternativ for å gjennomføre yrkesfag for å unngå at opplæringa blir for akademisk retta. Skuleleie eller teoretisk svake elevar bør få betre moglegheiter til å gjennomføre skulegangen.

* Betre system rundt trygdeytingar som uføretrygd. Klarare retningslinjer for Nav og fastlegane.

* Meir ressursar for å støtte opp om unge sosialhjelpsmottakarar med psykiske helseutfordringar og lite arbeidserfaring.

* Vurdere kor effektivt arbeidsmarknadstiltak fungerer for unge arbeidssøkjande.

* Utvide bruken av opplæringsprogram for arbeidssøkarar til å omfatte yrkesopplæring for folk med låg kompetanse, og norskundervisning for innvandrarar.