Motorsykkelsesongen er i gang, ver obs på vanskeleg vår-føre

Dårlegare vegar etter vinteren gir krevjande køyreforhold, og Trygg Trafikk ber om ekstra varsemd no som MC-sesongen er i ferd med å starte for fullt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 04.04.2018 15:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I år som i fjor ligg det igjen grus og restar etter vinterfesten på vegane, og det gjer ofte at veggrepet er meir uføreseieleg enn på sommaren, seier Bård Morten Johansen, seniorrådgjevar i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Kombinasjonen av salting og nattefrost kan dessutan gjere asfalten glatt. Trygg Trafikk oppfordrar motorsyklistar til å køyre forsiktig.

– MC-køyring er såpass krevjande at du må vedlikehalde ferdigheitene dine. Med lengre avbrekk treng du ein tilvenjingsfase for å komme deg opp igjen på same nivå som i fjor, seier Johansen.

Les også: Kraftig nedgang i talet på unge trafikkdrepne

19 motorsyklistar omkom i trafikken i fjor

Han ber bilførarar vere obs på at det vil bli fleire motorsyklar på vegane i tida framover.

I 2017 omkom til saman 19 motorsyklistar i trafikken. Hittil i år har éin motorsyklist omkomme.

Til saman har 16 personar mista livet på norske vegar så langt i år. Det er ifølgje Statens vegvesen det lågaste talet på over 70 år. I fjor på same tid hadde 18 personar omkomme.

I mars mista to personar livet i trafikken, mens det i snitt har omkomme ni personar i mars dei siste fem åra.

Les også: Trygg trafikk uroa over slurv med sykkelhjelmar