Trygg Trafikk uroa over slurv med sykkelhjelmar

Nordmenn er ikkje flinke nok til å bruka sykkelhjelmar. På korte turar blir gjerne hjelmen droppa, men kjem på att når barna er med. Det mislikar Trygg Trafikk.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viss du slår hovudet i asfalten, er hjelmen din einaste vernet mot svært alvorlege hovudskadar. Då er det temmeleg håplaust at så mange av oss framleis droppar hjelmen. Her må folk skjerpa seg, seier kommunikasjonssjef Ann-Kathrin Årøen i Trygg Trafikk.

Det er ei landsomfattande undersøking blant norske syklistar som avslører dårlege haldningar og praksis når det gjeld bruk av sykkelhjelm. Undersøkinga viser at berre 35 prosent av syklistane alltid brukar hjelm.

Rundt 30 prosent av alle som syklar svarar nemleg at dei aldri, sjeldan eller berre av og til brukar hjelm. 14 prosent seier «som oftast.» Og 20 prosent opplyser at dei ikkje har hjelm.

85 prosent av dei spurde seier at barna alltid har hjelmen på. Og 71 prosent av dei som har ein hjelm opplyser at dei alltid har han på når dei syklar saman med barna. Men delen rasar ned til 44 prosent når dei syklar åleine.

– Få på deg hjelmen! Det er ikkje noko mindre farleg å sykla åleine enn saman med barna, strekar Årøen under.

Den landsomfattande undersøkinga er gjennomført av YouGov for Trygg Trafikk og Tryg Forsikring.