Alexander (16): – Stort problem med elsparkesyklar

Mopedbil har gjort livet lettare for Alexander Johansen (16) frå Sør-Varanger. Som leiar i ungdomsrådet i kommunen tek han eit oppgjer med unge elsparkesyklistar.

Vilde Standal Bøyum
Publisert

– Det eg reagerer på når eg reiser litt sørover i landet er at det nesten ikkje er mopedbilar. Her er det fullt av mopedbilar, seier Alexander Johansen, leiar i Sør-Varanger ungdomsråd.

I tillegg påpeiker han at det er fleire ATV-ar og lettsyklar rundt på vegane.

– Det er ein stor del av ungdomskulturen her – å vere ute med venar og køyre litt, seier han.

Avhengig av køyretøy

Det handlar om å kome seg rundt i kommunen. Johansen seier at det ikkje er eit så veldig bra kollektivtilbod i Kirkenes. For dei som bur på dei meir sentrale plassane i Sør-Varanger, som Kirkenes og Hesseng, er det rundt ein buss i timen.

Men bur du litt lenger vekke, som Pasvik, så er det endå verre.

– Det går sjeldan buss. Kanskje to gongar om dagen. Då blir ein veldig avhengig av køyretøy, seier Johansen.

Johansen har sjølv mopedbil, noko som gjer livet mykje lettare.

– Då slepp eg å vente på buss eller at pappa skal hente meg, seier han som eksempel.

Stort problem med elsparkesyklar

I ungdomsrådet i Sør-Varanger er det for tida ikkje ei sak dei arbeider for å få gjennom, men dei er på gli med ein ny kampanje.

– Vi i ungdomsrådet held på med ein «Trygg i trafikken»-kampanje, seier Johansen.

Dei har eit utval og skal reise rundt på skular for å fortelje om traffiktryggleik. Dei har ulike opplegg for dei ulike skulane, og skal til både vidaregåande og barneskule.

– Det er eit veldig stort problem også med elsparkesyklar, at veldig unge folk køyrer det, og så køyrer dei rett over vegen framfor bilar, seier Johansen.

Det starta med at kommunen ville ha innspel på å vere trygg i trafikken, og etter ungdomsrådet fekk sendt inn deira innspel, tenkte dei at dei ville gjere noko meir utav det.

– Betre at det kjem frå ungdom

Slik starta dei med sin eigen kampanje.

– Vi føler at det er betre at det kjem frå ungdom enn, for eksempel, politiet. Når politiet kjem og held føredrag så går det inn eine øyret og ut det andre, seier Johansen.