Den katalanske grasrota

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med arrestasjonen av den avsette katalanske presidenten Carles Puigdemont har mange i den sterkt sentralistiske konservative regjeringa til Mariano Rajoy hevda at dei for
godt har vunne over tilhengjarane av katalansk uavhengigheit.

Mariano Rajoy. Foto: La Moncloa - Gobierno de España/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Mange i regjeringa til Mariano Rajoy hevdar at dei har vunne over tilhengjarane av katalansk uavhengigheit. Foto: La Moncloa – Gobierno de España/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Det skal dei vera varsame med, for noko av det som mest kjenneteiknar Catalonia, er rørslene som heile tida veks fram på grasrota, og innverknaden desse har på katalansk politikk.

Dette er noko sentralstyresmaktene i Madrid ikkje kjenner seg att i og ikkje forstår, vane som dei er med autoritær toppstyring.

I Catalonia oppstår det stadig grupper og rørsler på grasrota, ut frå den situasjonen ein er i og kva ein til ei kvar tid må gjera for å møta diktat frå den spanske hovudstaden. Det var ikkje for ingenting at anarkismen stod så sterkt i Catalonia frå rundt 1870 og i alle fall fram til den spanske borgarkrigen (1936-1939).

Med si avsky for all makt ‒ politisk, økonomisk, religiøs ‒ fann anarkistane ekko for ideane sine om grasrotorganisering i eit område der ein ikkje vann fram gjennom dei eksisterande politiske kanalane, og folk var gått grundig lei av falske lovnader frå ein gjennomkorrupt elite med sete i Madrid.

Forsamlingsrørsla

I Catalonia kallar ein det forsamlingsrørsla, denne skikken med å byggja organisasjonar
nedanfrå. I 1961, nett då Franco-regimet starta eit politisk tøvêr, danna ein i Catalonia
Òmnium Cultural, ein kulturorganisasjon som samla mange leiande intellektuelle og som nytta eit noko utvida politisk rom til også å ta opp somme politiske saker, så lenge dei ikkje alltid like kompetente frankistiske sensorane ikkje fekk ferten av det.

Det skulle gå eit halvt hundreår før ANC, Assemblea Nacional Catalana («Den nasjonale katalanske forsamlinga») blei danna, i 2011. Òmnium og ANC har dei seinaste åra verka i kompaniskap for å organisera den katalanske grasrota.

Carme Forcadell. Foto: ANC Mataro/Flickr/CC BY-NC 2.0

Carme Forcadell, den første leiaren av ANC. Foto: ANC Mataro/Flickr/CC BY-NC 2.0

Carme Forcadell, den første leiaren av ANC (2011-2015), er eit godt døme på ein kombinasjon ein finn i Catalonia mellom aktivisme på grunnplanet og politisk verksemd. Som filolog og lærar var Forcadell i 1993 med på å starta Plataforma per la llengua («Plattform for språket»), og på heimstaden Sabadell har ho vore styremedlem i Òmnium Cultural.

Frå 2015 var Forcadell president for det katalanske regionalparlamentet, og i oktober 2016 klaga den spanske forfatningsdomstolen henne for ulydnad då ho i juli det året tillét parlamentet å røysta over eit framlegg om vegkart for korleis dei politiske institusjonane i Catalonia skulle bryta med Spania. 23. mars i år blei Forcadell varetektsfengsla saman med fleire andre tilhengjarar av katalansk uavhengigheit.

Til forsvar for republikken

Hausten 2017 oppstod det mange ulike stader i Catalonia ein grasrotorganisasjon som gjekk under forkortinga CDR. I starten stod dette for Comitès de Denfensa del Referèndum («Forsvarskomitear for folkerøystinga»). Det var CDR-gruppene som for ein stor del klarte å avvikla folkerøystinga trass i hard statleg spansk undertrykking og med vel 41 % oppslutning. Då det blei klart at den konservative regjeringa til PP slett ikkje ville godta folkerøystinga, men like godt intervenerte den katalanske regjeringa ved hjelp av § 155 i den spanske grunnlova, gjekk CDR over til å stå for Comitès de Defensa de la República.

Hovudgrunnen til den desentraliserte skipinga av CDR var den veksande konflikten
rundt sjølvstyre. Dei alle første gruppene gav seg sjølve oppdraget med å okkupera vallokale, slik at politiet ikkje skulle blokkera inngangane til dei. Etter den massive statlege
undertrykkinga ved folkerøystinga 1. oktober, og som eit resultat av at mange lukkast med å forsvara røystelokala, voks det fram liknande komitear med det same namnet nær sagt overalt i Catalonia.

Frå å vera grupper med konkrete, spesifikke mål ‒ å verna om folkerøystinga ‒ utvikla
CDR både prinsipp og ein kollektiv identitet, der det store målet er å forsvara gjennomføringa av den katalanske republikken. «Vi ønskjer no å skapa eit nivå på tvers av det lokale…» står det å lesa i eit manifest som CDR har lagt ut på nettet. Frå ein prosess som har komme nedanfrå og opp, og til dels har vore nokså uorganisert, ser ein no ein tendens til samarbeid, samvirke og organisering mellom dei lokale gruppene.

Fredelege midlar

«CDR er forsamlingar av borgarar som breier seg ut over det katalanske territoriet, med det for auge å forsvara republikken på ein bestemt men fredeleg måte». Slik heiter det om CDR.

Likevel gjer sentralstyresmaktene alt dei kan for å festa eit inntrykk av vald til rørsla, mellom anna når dei jamfører med den baskiske terroristorganisasjonen ETA og kale borroka, ein slags bygeriljaverksemd som baskiske ungdommar har stått bak i sin kamp for baskisk uavhengigheit. At dette er heilt bak mål, er mellom anna blitt streka under av fotballtrenaren Pep Guardiola, som nok er den mest kjende av dagens katalanske forkjemparar for uavhengigheit.

Den pasifistiske vegen er faktisk, saman med grunnplansorganiseringa, det som best
kjenneteiknar den sosiale og politiske kampen i Catalonia. For mange katalanarar har den gitt legitimitet til kampen om sjølvstende.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!


Johannes A. Nymark har pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.