Spania – Catalonia: spora skremmer

Johannes A. Nymark
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Soraya Sáenz de Santamaría er nummer to i den spanske regjeringa. Foto: Gobierno de España

Då valkampen til det katalanske parlamentsvalet 21. desember gjekk mot slutten, spurde nr. 2 i den spanske regjeringa Soraya Sáenz de Santamaría retorisk kven som hadde innført § 155 og gjenoppretta ro og orden i Catalonia. Svaret hennar var Mariano Rajoy, statsministeren, altså ikkje domstolane, som var dei som formelt hadde stått for åtgjerda.

Somme tolka utsegna som at ho gjekk i baret politisk, sidan ikkje ein gong ein av dei mest høgtståande representantane for regjeringa brydde seg med å skilja mellom utøvande og dømmande makt. Dette syner, hevdar mange, at det konservative regjeringspartiet Partido Popular (PP) slett ikkje alltid er så nøye med det formelle og det legale innan politikken, slik dei krev at katalanarane skal vera.

Utsegna til Sáenz de Santamaría, øvste ansvarlege for den katalanske regjeringa la Generalitat, var nok mynta på PP-veljarar i resten av Spania. Med nokre få unnatak – Baskarland er det klaraste – blir ikkje den katalanske uavhengigheitskampen forstått i resten av Spania. Den harde linja overfor Catalonia kan bli ei vinnarsak i store delar av Spania. I Madrid forstår ikkje maktmenneske Catalonia. Verre: Dei gjer ikkje forsøk på å forstå regionen. Minst av alt forstår dei grasrotorganiseringa og det pasifistiske i den katalanske tradisjonen.

Røter fleire hundre år attende

Motsetnadane, tilmed retorikken, i tilhøvet mellom Barcelona og Madrid har røter fleire hundreår attende i historia. På 1800-talet snakka og oppførte ein seg i maktkrinsar i Madrid som om Spania framleis var ei stormakt, sjølv om landet hadde mista mesteparten av sitt oversjøiske kolonirike og slett ikkje hadde følgt med i timane når det gjaldt politisk og økonomisk utvikling i retning liberalisme. Her låg Catalonia langt framom med ei tidleg innføring av reformer som støtta opp under utviklinga av industri. Det katalanske borgarskapet sette tidleg fram krav om republikansk statsform.

Først då dei i 1898 miste Cuba, Puerto Rico og Filippinane blei spanske maktpolitikarar medvitne om at dei var komne i ei bakevje politisk, økonomisk, åndeleg, materielt og ikkje minst når det gjaldt mentalitet. Katalanarar er klar over parallellane med dagens situasjon og spør seg gjerne: Skal Spania mista Catalonia før det går skikkeleg opp for unionistane at dei også no, i 2018, er i djup krise?

Barcelona, Catalonia.

Nasjonaldagen blir feira i den katalanske hovudstaden Barcelona. Arkivfoto: Andrea Nøttveit

Då katalanarane i 2005-2006 vedtok å fornya sine autonomivedtekter, sette PP seg på bakbeina og nytta både formelle og uformelle knep for å stoppa katalanarane i kampen for meir sjølvstyre. I ei tid då PP var i opposisjon og låg med knekt rygg, nytta Mariano Rajoy høve til å klaga inn til grunnlovsdomstolen meir enn halvparten av dei paragrafane som også det spanske parlamentet i Madrid hadde vedteke.

Spania, statsminister Rajoy.

Den spanske statsministeren frå høgrepartiet PP, Mariano Rajoy. Foto: EPP/Flickr/CC-lisens.

Ikkje nok med det: Rajoy tok initiativet til å samla inn underskrifter – ikkje mindre enn 4 millionar – som kravde at heile Spania skulle ha ei folkerøysting om dei nye autonomivedtektene i Catalonia. «Dette er borgarane si stemme», sa han, «det er svært lett å lytta til den, og det er på sin plass å gjera det. Når borgarane ber om ei folkerøysting fordi dei vil komma fram med si meining, då kan ikkje svaret vera ‘ta det roleg, det skjer ingenting, tru på meg’ Kva vits er det?» I skrikande motsetnad til åtferda han i den nære fortida har synt når katalanarane har presentert sine ønske om folkerøysting for regionen.

PP er i krise

Somme politiske analytikarar jamfører i dag Rajoy si framferd andsynes katalanarane med den tyrkiske presidenten Erdogan si handsaming av kurdarane. PP er på nytt i krise, slik partiet var det for 12 år sidan. Med 4 representantar av dei 135 i det katalanske parlamentet blei partiet så å seia utradert ved regionvalet 21. desember. C’s (Ciutadans, ‘Borgarar’) med sine 37 mandat fekk røystene til mesteparten av dei katalanske unionistane på høgresida. Dette partiet, som inntil for nokre år sidan var avgrensa til den katalanske regionen, kjem no først på meiningsmålingar også i resten av Spania. Nyleg har PP halde krisemøte der dei gjekk inn for å mobilisera heile partiet i strevet med å stansa frammarsjen til C’s.

Carles Puigdemont, leiaren for sjølvstendegruppa JxCat. Foto: Skjermdump youtube.

Catalonia gjev ikkje einsidig erklæring om sjølvstende

For PP er det ikkje snakk om tingingar med tilhengjarane av katalansk sjølvstende, slik desse har uttrykt ønske om. Så lenge Carles Puigdemont, leiaren for høgregruppa Junts per Catalunya (JxCat), ‘Saman for Catalonia, oppheld seg i Brussel og Oriol Junqueras, leiaren for venstrepartiet ERC (Esquerra Republicana de Catalunya, ‘Catalonias Republikanske Venstre’) er i fengsel for politisk «oppvigleri», vil det bli komplisert for desse gruppene å skipa regjering. PP har alt sagt at partiet vil gjera alt det kan for å unngå at ein av desse politikarane blir vald til katalansk president. JxCat og ERC er dessutan avhengige av dei fire representantane til det antikapitalistiske CUP for å få absolutt fleirtal i det katalanske parlamentet, og dette partiet set som vilkår at ein framleis går inn for ei einsidig erklæring om uavhengigheit, noko fleire i JxCat og ERC no går imot.

Unionistane svært splitta

På unionistsida er det for så vidt ikkje lystelegare. Medan dei 70 parlamentsmedlemmene på uavhengigheitssida har sitt å stri med, er unionistane òg svært delte. C’s, det største partiet ved valet, vil nok få støtte frå PP og under visse vilkår frå det katalanske sosialistpartiet PSC, men dei er milevis unna støtte frå katalanske Podemos, Cec Podem, som nok har tapt mykje støtte i Catalonia på ei til dels vaklande, mest negativ haldning til uavhengigheit.

Det er ikkje lett å sjå korleis ein skal kunna skipa regjering etter at det katalanske parlamentet blei opna 17. januar. Endå vanskelegare vil det bli på kort sikt å løysa opp i dagens politiske situasjon. Spora frå i haust skremmer. Kan henda blir nyval ein førebels utgang, sjølv om det ikkje er mange som ønskjer det.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!


Johannes A. Nymark har nettopp pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.