– Rajoy har tapt!

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 27.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Europa bør merke seg at Rajoys løysing ikkje fungerer. Alle i Europa som har støtta Rajoy, sjølv berre ved å halde seg stille, bør merke seg dette. Catalonia må velje si eiga framtid, sa Puigdemont.

Separatistfleirtalet er eit stort nederlag for Rajoy, som i oktober oppløyste regionforsamlinga og utlyste nyval i håp om at katalanarane ville stemme fram parti som vil at regionen skal bli verande som ein del av Spania.

– Rajoy har tapt! Rajoy har tapt! ropa Eduardo Pujol frå Junts per Catalunya, det største av sjølvstendepartia i Barcelona etter valet i går.

Separatistfleirtalet er knapt, men større enn etter førre val i 2015. 70 av 135 representantar gjev grupperinga to fleire enn dei treng for å lage ei fleirtalsregjering.

Ines Arrimadas, leiaren for katalanske Ciudadanos. Foto: Skjermdump youtube.

– Dei nasjonalistiske partia vil aldri kunne snakke på vegne av heile Catalonia, sa Ines Arrimadas i går, leiaren for det klart største partiet i det nye parlamentet og den klare valvinnaren.

– For første gong har valet i Catalonia vorte vunne av eit konstitusjonistisk parti, heldt ho fram, og gjorde det klart at Ciudananos vil halde fram med å kjempe.

Sentrumspartiet Ciudadanos vart det største partiet av partia som gjekk imot sjølvstende med 37 seter, men alle dei andre partia som gjekk imot sjølvstende gjekk ned kraftig samanlikna med 2015, særleg det spanske regjeringspartiet til statsminister Rajoy, PP, som berre får tre representantar i det nye katalanske parlamentet etter å ha fått elleve i valet i 2015.

Med 81 prosent oppmøte frå veljarmassen i dette valet, det største oppmøtet ved noko katalansk val i moderne tid, er det vanskeleg å hevda at valresultatet ikkje representerer det katalanarane vil, noko som ofte har vore hevda ved tidlegare val og ved folkeavstemninga om sjølvstende tidlegare i år.