Når dei som ytrar seg mistar smilet sitt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Om konsekvensen blir at eg smiler mindre, så er det ikkje verdt det. Eg vil ikkje miste den eg er. Så mitt nyttårsforsett for 2018 er at eg skal smile meir», smilte Lan Marie Nguyen Berg til Anne Lindmo tidlegare i år.

Ho fortalte under talkshowet til Lindmo på NRK, at om ho hadde visst omfanget av å takke ja til å vere ein profil for Miljøpartiet Dei Grøne, så ville ho ikkje trudd at ho var tøff nok.

Kvardagen hennar etter at ho vart byråd for miljø og samferdsel i Oslo har i tillegg til dei politiske oppgåvene ho er vald til å gjere, òg vore prega av hets, sjikane og drapstruslar, via meldingar på nett og heim i postkassa. For å vere trygg, blir ho anbefalt å forflytte seg i bil.

Ho høyrdest så sprudlande og glad ut

Ei anna, enno yngre dame har dei siste dagane vore i media sitt søkelys fordi alle stygge meldingar ho mottar jamnt og trutt til slutt vart for mykje.

For om lag ein månad sidan snakka eg med Sumaya Jirde Ali over telefon fordi eg skulle avtale eit intervju. Eg visste ikkje kven ho var frå før, men var imponert over at ho i ein alder av 21 både var spaltist for Klassekampen og skulle gi ut si første sakprosabok på Samlaget. Spennande var det òg, at ho hadde somalisk bakgrunn.

«Halla», sa det kameratsleg i den andre enden da eg ringte. Ho lo og unnskylda seg da ho skjønte at det var meg. «Eg trudde det var venninna mi, skjønar du». Ho høyrdest så sprudlande og glad ut. Og ho hadde så mykje på gang, det verka som ho var i ein så fin driv. Skulle snakke med redaktøren sin for siste finpuss dagen etter. Intervjuet vart avtala til nærmare boksleppet, i mai.

Men allereie omtrent ein månad seinare, dukka ho opp igjen. I eit videoklipp nokon hadde delt på facebook, fortalte ho Ole Torp i NRK om dei siste dagane, og var lågmælt og trist. Ho hadde fått så mange hat-meldingar på internett. Ho hadde byrja å få problem med å sove om natta. Ho kjente seg djupt deprimert.

Legg frå seg folkeskikk og sakleg argumentasjon

Og da ho skulle fortelle om at mora hennar ikkje visste kva ei hettemåke var, og ho sjølv måtte forklare henne det, da klarte ho ikkje å halde tårane tilbake.

Ho hadde vore litt for stor i kjeften mot Sylvi Listhaug. På ungdommeleg vis bedt henne «fucke off». Da kom eit nytt skred av hatmeldingar.

Ho er ung, jente og mørk i huda. Da er terskelen låg for kva ein kan seie før andre har rett til å legge frå seg all folkeskikk og sakleg argumentasjon.

Truslar om valdtekt, å bli helt bensin på og påtent. Summen har gjort at ho blant anna har gått med valdsalarm.

 «Skulle slå meg i bakhovudet og begrave meg»

«Eg lurer på om det at eg er ung, kvinne og kanskje har ein litt annan bakgrunn og hudfarge enn det majoritetsbefolkninga har, gjer at folk bli litt meir sinna enn om eg hadde vore ein kvit mann i dress», antyda Lan Marie Nguyen Berg på sympatisk vis til Lindmo.  «Fordi ein er jo litt mer van med at middelaldrande menn i dress har autoritet da, på ein annan måte enn ein kanskje er vant til med unge kvinner», sa ho.

Nokre månader tidlegare, deltok ho på politisk kvarter i NRK, og ga eit eksempel på hetsen ho mottar.

«Nokon hadde lagt opp eit slags trinnvis løp, om korleis ein skulle slå meg i bakhovudet med spade, og grave eit hòl og begrave meg og ringe Vegdekke sånn at dei kunne asfaltere over meg», fortalte ho der. For om lag eit år sidan fekk ho betegnelsa «Eit fittetryne av ei vietnamesermegge», da det vart innført eit midlertidig dieselforbod i Oslo.

Heldigvis smiler ho framleis

All ære for at ho orkar og er sterk nok. Heldigvis smiler Nguyen Berg framleis. Det håpar eg at Sumaya Jirde Ali òg gjer om kort tid.

Det er ikkje berre i framande kulturar vi kan snakke om sosial kontroll. For når unge kvinner og andre utsette grupper i samfunnet veit at dei risikerer å få trugslar og sexistiske kommentarar slengt etter seg i mailboksen, kommentarfelta, eller rett og slett heim i si eiga postkasse, så er det ei form for sosial kontroll. Og det gjer at nokon rett og slett ikkje orkar å uttale seg.

Når dei som ytrar seg mistar smilet sitt, og det gjer at andre ikkje tør, så er det eit problem.