Unge Høgre-leiar trekkjer seg etter #metoo-reaksjonar

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 12.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristian Tonning Riise (29) skriv på Facebook onsdag kveld at han trekkjer seg som Unge Høgre-leiar. Riise forklarer avgjerda med at #metoo-kampanjen har vore ein vekkjar, og at han er blitt konfrontert med at medlemar i Unge Høgre har reagert på åtferda hans.

– Eg vil understreka at det ikkje føreligg nokon varslar, og at eg aldri med vilje har forsøkt å oppføra meg ufint mot nokon, men erkjenner at eg ved fleire høve har utvist for dårleg dømekraft og blitt konfrontert med det, skriv Riise i innlegget.

Generalsekretær i Unge Høgre, Maria Barstad Sanner, seier i ein epost til NTB at ho er blitt kontakta av medlemer som har reagert på oppførselen til Riise. Samstudes seier ho at ho ikkje har motteke nokon varslar om ungdomspartileiaren.

– Men dersom nokon likevel har opplevd noko som er ubehageleg eller upassande i Unge Høgre, oppfordrar eg dei til å ta kontakt med meg. Me er ein organisasjon der det skal vera trygt å varsla, seier ho ifølgje VG.

Hamarsingen Krisitan Tonning Riise har vore Unge Høgre-leiar sidan 2014, og hadde eit halvt år igjen av den siste perioden sin som leiar. Sandra Bruflot, som til no har vore 1. nestleiar i ungdomspartiet, fungerer som Unge Høgre-leiar fram til landsmøtet.

Riise sit framleis på Stortinget, der han vart vald inn på fast plass for Hedmark Høgre ved stortingsvalet i 2017.

https://www.facebook.com/Kristiantonningriise/posts/1807796382564548