Trond Giske går av som nestleiar i Arbeidarpartiet

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag stod Line Oma fram på NRK med si historie om ubehagelege tilnæringar frå Trond Giske då ho sjølv var 23 år, og Giske var næringsminister. Ho er éi av eit ukjent tal kvinner som har varsla partiet om ubehagelege opplevingar av seksuell karakter med Trond Giske.

Søndag gjekk Trond Giske ut på Facebook, og skriv at han trekk seg som nestleiar på varig basis.

– Belastninga er blitt for stor, og det rammar aller mest dei eg er mest glad i, og som ikkje sjølv har valt eit liv i politikken. Det er svært tungt for dei å oppleva det bildet som blir teikna av meg, dag ut og dag inn.

– Den andre grunnen er omsynet til Arbeidarpartiet og det viktige arbeidet me har føre oss, skriv han.

Han stiller også plassen som finanspolitiske talsperson til disposisjon, dersom det er ønsket til stortingsgruppa.

Framleis sjukemeld

22. desember blei Trond Giske sjukemeld etter fleire dagar med skuldingar om trakassering og ubehageleg omgang av seksuell karakter. Han er framleis sjukemeld, og ikkje tilgjengeleg for kommentar.

I eit intervju med Dagsrevyen 21. desember beklaga Giske oppførselen sin sterkt. På Facebook 1. januar beklaga Giske igjen, men la til at det er kome fleire av varsel om upassande oppførsel som han kallar «grunnlause og falske».

LES OGSÅ: – Det skal vera trygt å engasjere seg i demokratiet i Noreg

Politiske verv i 30 år

Måndag kveld 1. januar blei Giske fritatt frå vervet som nestleiar på ubestemt tid. Tysdag gav sentralstyret i Arbeidarpartiet partileiar Jonas Gahr Støre ein frist for å bestemma seg om han har tillit til nestleiaren sin. Sentralstyret har møte igjen måndag klokka 13.

51 år gamle Trond Giske har i år hatt politiske leiarverv i 30 år, heilt sidan han blei leiar i Trondheim AUF i 1988.

LES OGSÅ: Mange kvinner på Stortinget har opplevd seksuell trakassering

Les heile meldinga til Giske under:

Trond Giske

• valt inn på Stortinget for Arbeidarpartiet hausten 1997.

• kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 2000-2001 og 2005-2009.

• næringsminister 2009-2013.

• utdanna cand.mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss frå Universitetet i Oslo og NTNU