Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ei audmjuk og glad vossajente som fortel om korleis livet har vore etter Framtida.no skreiv om den grove mobbehistoria hennar sist veke. Saka er den mest lesne på Framtida.no så langt i 2018, og så langt har nær 20000 lese saka. Mange har likt, delt og gjeve ein god respons på at ho stod fram.

Bodskapen og grunnen til at Sofie Jansen fortel historia si, er for å gje andre håp om at det går som oftast bra til slutt.

LES SAKA: Medelevar kopla hjula av rullestolen hennar

Var redd folk skulle sjå på meg som eit offer

– Eg har fått nesten berre positive tilbakemeldingar. Då eg stod fram var eg redd for at folk skulle sjå på meg som eit offer. Slik har det nesten ikkje vore, seier modige Sofie.

Det er alltid slik trur ho, når slike saker dukkar opp at nokon vert bitre på dei som har bidrege til mobbinga.

– Det har kome SMS frå folk eg ikkje kjenner, eg har og opplevd å verte kjend att på jobb av ei som hadde lese om meg.

– Det er positivt at eg har nådd fram med bodskapen min, eg var så redd at folk skulle seie mest stakkars deg, sjølv om eg har fått slike meldingar òg. Det er sikkert er ei form for medkjensle. Nokon fokuserer berre på kor dumme dei som har gjort ting er, i staden for at det faktisk går bra med meg no.

Mange set pris på at ho fortel

Framtida.no skreiv sist veke at det er mange born og unge med nedsett funksjonsevne  som har liknande opplevingar i den norske skulen i dag, kvar dag. Mange er glad for at ho fortel og set ord på det ho har opplevd.

Ei mor til eit barn som har opplevd noko av det same, fortalde at ho var glad for å sjå at det gjekk bra til slutt

Det er ein anna tilbakemelding som ho la merke til, frå ei ho kjente til når det stod på.

– Ho sa ho ikkje kunne sjå det på meg, for eg var alltid så blid. At det var vondt å høyre korleis  det eigentleg var. Men at det var fint å sjå at eg hadde det bra no.

LES SAKA: Mange med nedsett funksjonsevne blir mobba

– Enormt inntrykk

Sofie betraktar seg som ein lite open person. Det er få som visste om historia hennar, sjølv om ho har fortalt den til Avisa Dagen, éin gong før.

– Det er ei venninne eg valde å fortelje det til for mange år sidan. Ho fortalte historia si fyrst og såg at eg hadde det veldig vondt. Ho fortalde meg at det kom til å gå betre. Eg skreiv ho ei melding no, og takka henne for at ho gav meg dei orda for lenge sidan. Då fekk eg til svar at ho var stolt av meg, og at eg var ein inspirasjon for henne. Då tenkte eg berre «hæ?». Ho var jo mi støtte og min inspirasjon. Nei, det gjorde enormt inntrykk på meg, fortel ho.

– Det er ikkje sånn at eg har noko å finne på kvar kveld i livet mitt no, men eg har det veldig bra. Eg har nokre få veldig gode vener, eg har det fint, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen krev at skulane gjer meir mot mobbing