Norske studentar blant dei som jobbar mest i Europa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er meir enn studentar jobbar i både Danmark, Sverige og Finland, skriv Khrono.

I alt opplyser 66,6 prosent av norske studentar at dei jobbar ved sida av studiane, regelmessig eller av og til. Dei einaste som jobbar meir, er islandske studentar (68,2 prosent).

Det viser tal frå den internasjonale europeiske undersøkinga Eurostudent , der studentar frå 28 land deltar. I snitt jobbar over halvparten av dei europeiske studentane ved sida av studiane på tider der dei eigentleg har forelesningar.

I snitt brukar dei som jobbar, mellom fem og tjue timar i veka på betalt jobb ved sida av studiane.

I rapporten blir Noreg trekt fram, saman med Island, Slovakia, Tsjekkia og Estland, som eitt av landa der flest studentar jobbar. Den viser også at jo eldre studentane er, desto vanlegare er det at dei har betalt arbeid ved sida av studiane.

Leiaren av Norsk studentorganisasjon (NSO), Mats J. Beldo, er ikkje overraska.

– Vi veit at studentar i Noreg må jobbe for å få det til å gå rundt. Studiefinansieringa er for låg, og det at norske studentar jobbar meir enn i andre land, viser at vi ikkje har råd til å vere heiltidsstudentar, seier han til Khrono.

Studentar i Noreg har for tida utbetalt 108.250 kroner per studieår i basisstøtte.

(©NPK)