Will Smith tar National Geographic til Noreg
National Geographic og Will Smith skal ta oss med på ei spesiell reise ut i verdsrommet – og til Noreg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er duka for ein dokumentarserie om kloden vår: Åtte astronautar gir til kjenne perspektivet sitt i «One Strange Rock» som får premiere på National Geographic søndag 25. mars.
Programleiaren er ingen ringare enn Will Smith, men i pressemeldinga blir det understreka at dei åtte astronautane som medverkar – dei som har sett kloden vår frå verdsrommet – får mykje plass.
Chris Hadfield er blant dei få som har sett kloden frå verdsrommet, og han har ei viktig rolle i serien, heiter det vidare.
Bak kamera har ein annan kjenning funne vegen, nemleg regissør Darren Aronofsky – kjent for filmar som «Requiem for a dream» og «Black Swan».
Når vi skal djupdykke i dei mest fascinerande stadane på kloden, er sjølvsagt Noreg med, heiter det vidare frå kanalen.
– Det er gøy at både Svalbard og Kautokeino høyrer heime i dette selskapet. Bileta herfrå vil imponere publikum både i og utanfor Noreg, seier Anders Borge, noregssjef i Fox Networks Group.
Bileta frå Svalbard får du sjå i første episode, mens opptaka frå Kautokeino kjem i episode åtte.