Den siste hannen er død
Det er ingen fleire hannar igjen av det utryddingstrua nashornet nordleg, kvitt nashorn.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nordlege kvite nashorn er på rask veg mot utrydding. Det siste hann-nashornet av denne typen har døydd.
45 år gamle Sudan måtte avlivast måndag, opplyser leiinga for verneområdet Ol Pejeta Conservancy i Kenya.

Den nordlege varianten av det kvite nashornet held til i det orange feltet, medan den sørlege held til i det grøne feltet. Kart: Fabio b/Wikiemedia Commons/CC BY-SA 2.5
Tilstanden til Sudan var dårleg på grunn av høg alder. Tidlegare har Sudan og to attlevande ho-nashorn deltatt i eit forsøk på å redde underarten dei høyrer til.