Over tusen nye artar i ny pattedyr-database
Sidan 2004 er det oppdaga over tusen nye pattedyrartar i verda. Av i alt 6.399 kjente nolevande artar er 96 nyleg utdøydde, viser ein ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Har oppdaga over tusen nye pattedyr på 14 år
Det er eit amerikansk forskarteam som no har gått gjennom 1.200 studiar på jakt etter nye pattedyrartar. Dei fann særleg mange til no uregistrerte artar blant gnagarar og flaggermus, men òg mange nye klauvdyrartar.
Litt over halvparten av dei nye pattedyrartane er såkalla kryptiske artar, det vil seie ein kjent art som genetisk viser seg å vere to. Nyoppdaginga kjem som regel fram gjennom DNA-analysar, noko som har vorte mykje enklare for forskarane å utføre dei siste åra.
Forskarane bak samlestudien synest pattedyrbibelen Mammal Species of the World , som sist kom ut i 2005, blir oppdatert altfor sjeldan og har derfor laga ein ny digital artsdatabase for pattedyr: Mammal Diversity Database. Den er det meininga å revidere etter kvart og heile tida.
Studien er publisert i tidsskriftet Journal of Mammology. (©NPK)