Bik Bok lovar endring etter Gullbarbie

Allereie til hausten skal kundane merke endring hos Bik Bok. Det lovar kleskjeda etter å ha mottatt årets Gullbarbie.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har stor respekt for det arbeidet Press gjer for ungdom, og vi er sjølvsagt ikkje nøgde med å «vinne» denne prisen.

Det svarar René Høgsted, komersiell direktør i Bik Bok, i ein epost til Framtida.no

Vil vere støttespelar

Han skriv vidare at Bik Bok ønsker å vere ein støttespelar for unge jenter i ein kultur der dei blir utsette for mange inntrykk og krav. Spørsmålet om ulike storleikar ein del av dette problemet, og Høgsted kan fortelje at det er gjort grep som tar utgangspunkt i ein ny standard for storleikar på klede.

– Folk vil oppleve endring allereie til hausten, lovar han.

Høgsted meiner Bik Bok både ser og tar ansvaret dei har for å bruke innverknaden si på ein god måte. Samtidig lovar han å nyansere kommunikasjonen meir.

– Vi er så heldige at vi kvar dag har besøk av mange tusen flotte jenter i butikkane våre. Dei representerer eit mangfal av typar, etnisitet, storleikar og fasongar. Vår bodskap er at alle er like fantastiske og alle er like velkomne, seier Høgsted.

Lovar å følge med

– Vi er glade for at Bik Bok lyttar og seier at dei vil forbetre seg, seier Øystein Kolstad Kvalø, leiar i Press.

Han meiner storleiksstandard er eit viktig tiltak, men håpar også at marknadsføringa blir endra slik at den spelgar mangfaldet i samfunnet.

Bik Bok var også nominert til prisen i fjor, og det førte ifølge Kvalø ikkje til endring hos kleskjeda.

– Vi håpar å sjå ei endring no som dei vann Gullbarbie med 65 prosent av stemmene, seier han.