Listhaug gjekk av med frontalangrep på Ap, Støre og KrF

Sylvi Listhaug (Frp) går av fordi ho set ytringsfridomen og Framstegspartiet framfor ein plass i regjering. I motsetning til alle andre, meiner ho. 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Listhaug var alt anna enn angrande og audmjuk då ho kunngjorde sin avgang som justisminister to timar før den planlagte mistillitsdebatten skulle starte i Stortinget tysdag morgon.

– Målet i valkampen var å halde Støre vekk frå statsministers kontor, og det er framleis målet. Han er ikkje eigna til å vere statsminister i Noreg, sa Listhaug på eit raskt samankalla pressemøte i Justisdepartementet ein halv time etter at NTB varsla hennar avgang.

Stormen som følgde etter Facebookinnlegget der Listhaug skreiv at Ap set rettane til terroristane over sikkerheita til landet, meiner Listhaug kan samanliknast med ein barnehage.

– Då er det min jobb å vere vaksen, sa ho.

– Heksejakt

Ifølgje Listhaug har Støre sett henne i bås med massemordaren Anders Behring Breivik, og stått i spissen for ein kneblekampanje saman med dei andre partia som utgjer fleirtalet på Stortinget og ikkje har tillit til henne.

– Det har vore ei rein heksejakt der målet har vore å kneble ytringsfridomen, som for meg er ein utruleg viktig norsk og vestleg verdi, sa Listhaug.

Ho varsla at ho kjem til å fortsette i Stortinget med å vere seg sjølv og seie det ho meiner.

– Eg lovar ein ting. Eg kjem ikkje til å gå stille i dørene. Eg aksepterer ikkje å bli prøvd tvinga til tausheit, sa ho.

– KrF utan ryggrad

Grunnlaget for at det vart eit fleirtal i Stortinget som ikkje lenger hadde tillit til Listhaug, var det KrF som sørgde for etter eit fire timar langt ekstraordinært landsstyremøte måndag.

– Eg registrerer kva KrF har gjort. Det blir spennande å sjå kva side dei no vel. Eg opplever det partiet totalt utan ryggrad, utan styring og utan nokon veg vidare.

– Vi får sjå, sa ho på spørsmål om ho reknar KrF som eit borgarleg parti.

Regjeringa og ytringsfridomen

Listhaug takka for støtta frå partileiar Siv Jensen og «resten av partiet» som ville støtte henne fult ut. Men ho kunne ikkje kunne bidra til å gi landet ei regjeringskrise.

På spørsmål frå NTB om ho kunne gitt dette bidraget tidlegare, svarte ho:

– Eg set regjeringa først no, og eg set ytringsfridomen aller først.

Ho gjentok gong på gong at avgangen er frivillig. Listhaug ville heller ikkje kommentere spørsmål om kva dialog det har vore mellom henne, Frp-leiar Siv Jensen og statsminister Erna Solberg (H), når avgjerda vart tatt og om ho vart tilbode ein annan statsrådspost.

Listhaug sa også at den siste tida har vore ei krevjande tid for henne, mannen hennar, barna, foreldra, brørne og resten av familien.